Nyheit

Gapahuk for skileik på Åsvang

  Nyheitsarkiv
12. nov 2019
Fjellblom IL i mål med dugandsprosjekt

Ein «gapahuk for skileik» er klar til bruk i skileikanlegget på Åsvang.

Med plassering øvst i skileikanlegget er det sol inn heile vinteren og rikeleg med boltreplass for både akebrett og ski i bakken rett framfor gapahuken.

Det er bålpanne på plass som både kan nytjast utanfor og faktisk inne i gapahuken om ein følgjer med. 

Fjellblom IL står bak tiltaket og dei retter stor takk til alle involvert i prosjektet!