Nyheit

Grindaheim Røde Kors med ambulanse

  Nyheitsarkiv
30. jan 2020
  • Jon Helge Solemsli, Gorm Engen, Bjørn Olav Søndrol og Tor Erik Tveit Berge i Grindaheim Røde Kors hjelpekorps er godt nøgd med ein beredskapsambulanse på plass i Vang.
  • Bjørn Olav Søndrol, Jon Helge Solemsli og Tor Erik Tveit Berge går gjennom utstyret som til no er på plass i beredskapsambulansen.
  • Grindaheim Røde Kors hjelpekorps er ofte ute på oppdrag i nærområdet gjennom vinteren.
  • Eigen båt, annat utstyr og ikkje minst kompetanse på redning i vatn er også i portefølja til hjelpekorpset.
  • Jon Helge Solemsli og Tor Erik Tveit Berge diskuterar innhaldet i ein av utstyrsbaggane.
  • Beredskapsambulansen bur til dagleg i garasjeanlegget til hjelpekorpset i Vang sentrum. Den skal fylle fleire oppgåver og funksjonar for korpset.
  • Det står att noko på utstyr og innreiing av den nye ambulansen.
  • Her er alt på stell og alle moglegheiter til å frakte skadde personar.
Forsterkar beredskapen i Valdres

Med nykjøpt ambulanse vert responstida kortare og beredskapen forsterka for Grindaheim Røde Kors hjelpekors. 



– Bilen er ein såkalla beredskapsambulanse som vil fylle fleire funksjonar for oss. Den kan sjølvsagt frakte skada folk, men den er også rigga for leiteaksjonar, skred og andre oppdrag, fortel leiar i hjelpekorpset Bjørn Olav Søndrol.

Det er ein vanleg ambulanse på veg ut av drifta til Innlandet Sjukehus som hjelpekorpset no har kjøpt, rusta opp og foliert om til beredskapsbruk.

Bidreg i toppane

Som ein fritidsregion er folketalet i Valdres gjennom feriar og høgtider ofte på bristepunktet i høve til beredskapen i helsesektoren, noko som gjer dette til ei investering for heile regionen.



– Om den normale ambulansetenesten i Ryfoss lyt køyre eit komplisert beinbrot til nærmaste sjukehus på skjærtorsdag er det klart det går ut over beredskapen. Denne bilen ligg no inne i AMK-sentralen sitt system og kan til dømes frakte den personen med det beinbrotet, fortel Søndrol.

Det er for tida fem ambulansepersonell blant dei 90 medlemmane i Grindaheim Røde Kors og Sjukehuset Innlandet støtter initiativet fullt ut.

– Bilen er godkjent som utrykningskjøretøy, og det er eit tydeleg ynskje om å også ha høve til å kalle ut bilen også om det vert ei større krisehending her.

Festivalar
 og idrettsarrangement 

Dei siste åra har Grindaheim Røde kors hjelpekorps leigd med seg ambulanse til sanitetoppdraget på Vinjerock. No tek dei sjølvsagt med seg nybilen både til Eidsbugarden og eventuelt andre festivalar i Valdres.

– Vi pratar godt med dei andre hjelpekorpsa i Valdres og er positive til å bidra til enklare og tryggare gjennomføring av både festivalar, idrettsarragnement eller liknande i samarbeid med desse, fortel Søndrol.

Kjapt ute på skred

Skredberedskap er ei hovudoppgåve for hjelpekorpset og den nye bilen er fast utstyrt med sju komplette skredsatsar der ein finn alt naudsynt leite- og sikkerheitsutstyr.



- Om skredet går på fjellet kan alle møte rett på ulykkestaden då vi har alt naudsynt utstyr ståande klart i bilen, fortel operativ leiar i hjelpekorpset, Jon Helge Solemsli.

Saman med Gorm Engen og Anders Belsheim er han utdanna som fagleiar på skred og Grindaheim Røde kors hjelpekorps fungerer med det som fyrste instans på skred i heile Øvre Valdres.

På sommaren vert skredutstyret sett på lager og bilen vert utstyrt for vassredning.

- Vi har eigen båt i hjelpekorpset og ellers både utstyr og kompentanse på å redde folk i både innsjø og elv, fortel Solemsli.

Mykje utstyr

Sjølv om bilen allereie er greit utstyrt med mykje relevant utstyr som lettar det daglige arbeidet i hjelpekorpset står det att fleire investeringar på utstyrssida. Det har difor gått ut fleire søknadar til Vang kommune, stiftingar og andre om for å skaffe finansiering til naudsynt utstyr.

– Vi har både kjøpt, fiksa på og utstyrt bilen godt, men det har kosta pengar. I arbeidet med å komplettere utstyret i bilen treng vi kroner inn, fortel Søndrol.

Han håpar og trur dei kjem i mål med finansieringa samtidig tykkjer han det er viktig å rope eit varsku om endringar i sjølve grunn føresetnadane for å drive eit hjelpekorps.


– Frå regjeringshald vurderer ein å fjerne momskompensasjonen for frivillige lag som vårt. Det framstår som heilt uforståeleg å ramme non-profit-organisasjoner der alle legg ned frivillig arbeid og alt overskot går til utstyr og beredskap.

Ringen slutta

Den fyrste ambulansen stasjonert i Vang vart kjøpt inn av hjelpekorpset på slutten av syttitalet og heilt fram til 1999 var det Grindaheim Røde kors som stod for ambulanseberedskapen i Vang.

– Eg bladde i gamle protokollar no i jula og der går det fram at hjelpekorpset historisk har teke eit stort beredskapsansvar noko som gjer det litt ekstra spesielt å ha på plass denne beredskapsambulansen, seier Søndrol.

Sjølv då Fylkeskommunen tok over ansvaret for ambulanseberedskap i 1987 fekk hjelpekorpset til ei ordning som gjorde at dei hadde stasjonert ambulanse i Vang heilt til 1999.