Nyheit

Haustslepp frå bibliotek og frivilligsentral

  Nyheitsarkiv
13. aug 2015
  • Biblioteket er arena for både kurs, foredrag og konsertar denne hausten.
Fotokurs, bridge og kjendisar

Saman med frivillige lag, barnehagar, eldsjeler og banken tilbyr Vang frivilligsentral og Vang folkebibliotek mykje snadder denne hausten.

– Programmet er som vanleg nesten litt tettare enn vi føler vi har tid til, men gode samarbeid med både frivillige lag, barnehagar og banken gjer det mogeleg å vere ambisiøse, fortrel dagleg leiar ved Vang frivilligsentral, Marte Tangen.

Med på laget denne hausten er sterke lokale ressursar som Helge Haugen, Julie Forchhammer, Thor Østbye og Nils Thune. I tillegg stiller kjente namn som Vigdis Hjort og Oddgeir Bruaset.

– Ekstra stas er det jo at sjølvaste NRK-profil Erik Wold kjem for å leie valdebatten med våre lokale listetoppar!

Nytt blant dei faste aktivitetane er at filmkveldane i haust skal by på klassikarar - eit program for alle visningane vil bli sett opp.

– Publikum er sjølvsagt velkomne til å kome med forslag!

  • Sjå programmet her (Du kan sjølvsagt printe det ut og henge opp heime eller på arbeidsplassen ;-))