Nyheit

Haustutstillinga søkjer bidrag

  Nyheitsarkiv
02. okt 2014
– lever før 17. oktober

Alle som driv med videoproduksjon er velkomne til å sende inn bidrag til haustutstillinga som i år er via videokunst. Dette er eit vidt begrep, så alt av filmar er med andre ord aktuelt. 

Frist for innsending av bidrag er 10. Oktober. Avtal levering over nettet eller ta turen innom Åsta Brenna på biblioteket med ein minnepenne. 

Utstillinga vert juriert og nokre vert premiert med Ipadar.

Laurdag 8. November opnar utstillinga på Vang folkebibliotek.

Kva kan du levere? 

Ynskjeleg lengde er 3 minutt, men dette er absolutt ikkje noko krav.  Tenk utafor boksen - her er ingen regler og heller ingen fasit. Moglegheitane er uendelege. Er det til dømes noko du undrar deg over som levande bilete kan setja ord på? Kva drøymer du om? Kva fascinerar deg?

– Det er ikkje skarpe bilete og dramaturgi vi er ute etter, men eit personleg uttrykk, eit ynskje om å formidle noko. Og dette noko avgjer du sjølv kva er. Vi ynskjer oss mangfald, derfor det det ikkje sett noko bestemt tema for utstillinga, fortel Marianne Isachsen i kunstutvalet. 

Marianne svarar også på spørsmål kring haustutstillinga: marianne.isachsen@gmail.com