Nyheit

Heftig kulturprogram på Kyrkjestølen

  Nyheitsarkiv
16. jun 2019
Mat, overnatting og kultur heile sommaren

Dei kulturelle opplevingane står i kø på Kyrkjestølen denne sommaren.

– Kyrkjestølen skal vera både ein overnattings- og serveringsstad men også ei levande kulturscene gjennom sommaren, fortel Aagot Monsen som er inne i sin tredje sommar som drivar av Kyrkjestølen.

I fjor lanserte ho nykommaren Filefjelldagane og i år er kulturtilbodet ytterligare utvida. 

- Det er faste guideopplegg kvar laurdag og ellers både sommarutstilling og fleire kulturkveldar, kvss, geocaching og mykje anna fortel Monsen. 

Sommarprogrammet 2019
  • Guida tur på Kyrkjestølen kvar laurdag kl 12, eller etter avtale. Med kaffe og noko attåt.. Kr 80/40. 
  • Laurdag 15.juni kl 17: Åpning av sommarutstillinga til Bjørg Strømme frå Fitjar. Ho arbeider i akvarell og med skinn. Sjå heimesida www.bjorgstromme.no
  • Laurdag 22.juni kl 18: Fuglar på Filefjell. Ein kveld med geograf og naturfotograf Anders Lundberg. Etter ei innleiing går vi ut i sommarnatta og ser etter fuglar. Ta med kikkert om du har!
  • Sundag 23. juni kl 12: Bilete frå Filefjell. Denne dagen er det 200 år sidan Carpelean laga det kjende biletet frå Myrklopphøgda mot Støgenøse og Nystova. Vi tar turen til Myrklopphøgda. Turleiar: Vang Historielag. Etterpå er det tilbod om rømmegraut m.m. på Kyrkjestølen.
  •  Laurdag 29. juni kl 1930: Junikvizzz. Påmelding av einskildpersonar og lag tlf 90528433. Tilbod om middag på Kyrkjestølen kl 18.
  • Laurdag 6. juli 14-16: Geo-caching- event. For nye og erfarne geo-cacharar. Påmelding på www.geocaching.com, eller bare kom! Eit uformelt treff som foregår utadørs, med høve til å kjøpe rømmegraut, vaflar, kaffe m.m. Her kan alle utveksle historiar og dele erfaringar. Gratis.
  • Laurdag 13. juli kl 1930: Juli-kviss. Påmelding av lag eller kom aleine tlf 90528433. Tilbod om middag på Kyrkjestølen kl 18.
Filefjellsdagane

Laurdag 3. august kl 12: FAMILIEDAG. Vaksne kr 100/barn kr 60.

  • Kl. 12: Omvisning på Kyrkjestølen i Gamleselet og St. Tomaskyrkja. Kaffe m. noko attåt.
  • Kl. 13: 2000 år tilbake i tid: Vi får låne klede som vart brukt på den tida! Steinsliping, vi lagar eld, og eit enkelt måltid med grilling. Med Jon Heimlid.
  • Kl.13-15: Fjellflora med geograf og naturfotograf Anders Lundberg. Det finst mange spanande plantar på Kyrkjestølen, særleg i Kyrkjeskardet. Ta med fotoapparat.

  • Laurdag 3. august kl 19 i St. Tomaskyrkja: "Smooth Operators" frå Bergen og Osterøy spelar Bob Dylan. Kr 200.
  • Måndag 5. august12-16: Geo-caching-event for nye og erfarne geo-cacharar. Det ligg 70 geocachar på Kongevegen og ventar på deg! Inga påmelding. Uformelt treff som foregår utandørs, med høve til mat og drikke. Her kan alle utveksle erfaringar og dele historiar.
  •  Tysdag 6. august kl 18: Kulturutveksling over landegrensene: Kvinnebunadane frå Øvre Valdres og Indre Sogn. Vi ser på likskaper og skilnader. Minikonsert med tema: Grieg og Ole Bull. Korleis har folkemusikken inspirert kunstmusikken? Med Veronika Kashina, kantor i Vang, og Aleksandra Boiko, fiolinist. Kr 200.
  • Torsdag 8. august kl 18: MJØLKEBILEN. Familieforestilling med Hanne Bergljot Oftedal. Ho fortel om stølsliv ved Mjølkevegen i Vestre Slidre, og har med seg songar og segner frå Indre Sogn og Valdres. Vaksne Kr 200/barn kr 50.

Laurdag 10. august Marknadsdag 12-18! Utstillarar frå Sogn og Valdres.

  • Pilegrimstur frå Øye til Kyrkjestølen.Turleiarar Bjørn Vilberg og Dag Nordsveen. Vi går frå Øye kl 9.30.Påmelding tlf 905 28 433 innan 8. august. Les meir om turen på tur-appen outtt.
  • Kl 11-Servering på Kyrkjestølen, ute (mat frå Etiopia) og i Gamleselet.
  • Kl 11-17: Båt og kano på Otrøvatn, ved Nystuen. Leige av kano med vestar kr 75 pr time, og kajakk med vest kr 50 pr time. Vipps 40247075.
  • Kl 18: Konsert i St. Tomaskyrkja. BUFASTE TONAR spelar musikk frå Filefjell: Håkon Høgemo, fele, Tom Karlsrud, trekkspel og Judith Vestrheim, song. Kr 200, billettar i døra.

Det kan bli justeringar på programmet - følg med på Kyrkjestølen si heimeside og facebookside for oppdateringar.