Nyheit

Høg aktivitet i næringslivet

  Nyheitsarkiv
16. jun 2016
Monica Søndrol fortalde om kva Makalaus design tilbyr til næringslivet i Vang.
Unge damer dominerte næringsfrukost

 Tre unge damer presenterte bedriftene sine på næringsfrukost i Vang tysdag.

– Ein får ein ny giv og verkeleg tru på framtida etter økter som dette, sa ordførar Vidar Eltun heilt til slutt på arrangementet som samla 25 personar på Mjøsvang cafe.

Då hadde ein handfull nye bedrifter og prosjekt i Vang presentert kva som skjer, og både kommunen og Innovangsjon hadde kome med sine oppdateringar.

Driftige damer dominerte

Fyrst ut var Josten Media som tilbyr journalistikk- og kommunikasjonstenester. Etter dette synte Monica Søndrol fram kva ho leverer til bedrifter og privatpersonar gjennom firmaet Makalaus design.

– Mange seier dei ikkje treng ei heimeside, at folk i bygda veit kva dei tilbyr. Men kva så med hyttemarknaden som er den aller største her i Valdres? Dei fiskar opp telefonen og sjekkar deg ut på nett før dei slår på tråden, noko som i seg sjølv er god nok grunn for å ordne ei skikkeleg nettside, sa Søndrol. Nyvinninga med plakatar frå Vang og Valdres vart også synt fram.

- Den fyrste månaden har vore hektisk, men utelukkande positiv, kunne Guro Martinsen Dalåker frå Tindulf Hyttebutikk fortelje i sin presentasjon.

Sist ut var Vangsriva, der prosjektleiar Ingrid Neste fortalde om planane. Den korte historia er integrering gjennom arbeid. Allereie denne sumaren kjem dei til å tilby sine tenester til privatpersonar og næringsliv i Vang. Vi kjem tilbake med meir om saken måndag.

I tillegg er Randi Ødegården i gang med å etablere seg innanfor bunadsaum, men ho hadde ikkje høve til å koma denne dagen. Også fotograf Lars Bence som har leig seg inn i Føsse fotostudio sa nokre ord om kva han tilbyr.

Nyttig (og tomt) nærignsfond


– Det er både bra og synd at fondet for 2016 no er brukt opp. Men fyrst og fremst syner det at mange vil noko med bedrifta si i Vang, og det er bra, sa ordførar Eltun.

Etter juni-møtet i formannskapet var nemleg den millionen til næringsutvikling i 2016 brukt opp.

Næringsutviklar i Innovangsjon, Dag Inge Bruflot, fylgde opp med ein kort statsurapport om kva som skjer på næringssida i Vang om dagen, samt litt meir om dei som har fått støtte frå stipend og fond i 2016.