Nyheit

Høylandsfe og Filefjellrein på fredagskos

  Nyheitsarkiv
23. feb 2016
Fredagskos på Filefjellstuene

Høylandsfe frå Sørre Kjøs og reinsdyr frå Filefjell reinlag skal i gryta når det er klart for Fredagskos på Filefjellstuene.

– Godt kjøt og bra folk er med andre ord den enkle og greie forma på denne Fredagskosen, fortel Hallgrim Rogn i Innovangsjon.

Han håper både bygdefolk, hyttefolk og ikkje minst nye vangsgjeldingar finn turen til Filefjellstuene fredagen. Påmelding skjer rett til han: hallgrim@vangivaldres.no eller tlf 41222769.

– For den som vil varme opp med litt action står Tyin aktiv for airboarkøyring i skiheisen i forkant av Fredagskosen. Dette er ope for alle som vil, men det er sjølvsagt også greit å koma rett til Filefjellstuene, fortel Rogn.

PROGRAM

17-19:30: Airboard i skiheisen for den som vil - påmelding til magne@tyinfilefjell.no
20:00: Fondue med kjøt av høylandsfe frå Sørre Kjøs og reinsdyr frå Filefjell reinlag. Grønsaker, sausar, salat og anna tilbebør.
21:00: Quiz (PREMIAR!)
22:00: Fest (FEST!)

Pris: 300 pr. person. Betaling ved ankomst.

Meir på facebook.

VELKOMMEN!