9EA2D287 760A 4CF6 B23C 0CF447A39AE3
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Hopp og sprett med Vang håndball

Hopp og sprett med Vang håndball

04. januar 2023
Håndballmiljøet i Vang har vokst seg stort i bygda dei siste åra. No hoppar, sprett og spelar 50 barn i Vangshallen kvar einaste veke, og på sidelinja står tre veldig engasjerte trenarar!

Vang frivilligsentral og Innovangsjon hyller frivilligheita i bygda ved å presentere alle lag og foreiningar!

- Å sjå alle utvikle seg, både som lag og saman, men og som enkeltspelarar, er utruleg givande og veldig artig. Det gjer alle timar vi legg ned i hallen, verdt det. Verkeleg, smiler Anita Olafsen, trenar for Vang Hånball. 

Saman med Marius Ekeberg og Yvonne Mæland legg dei til rette for at barn og unge i Vang skal få moglegheiten til å spele handball, og bli gode - saman. For berre nokre år sidan var ikkje dette miljøet så stort her i bygda, men takket vera desse tre ildsjelene - har håndballmiljøet no blitt stort i Vang. 

Rett før jul, vant faktisk Anita, Yvonne og Marius positivprisen 2022 for sitt brennande engasjement for håndballmiljøet i Vang!

- Alle me tre er jo vokst opp med håndball og har spelt det sjølv i mange år, så me veit jo at det er både gøy, givande og til tider slitsomt. Marius og Anita har jo og vore trenarar på høgste nivå i Norge, slik at håndball betyr jo veldig mykje for oss som mennesker. Det er kanskje difor me og er så engasjert, ler Mæland. 

 

Respekt, tryggleik og samhold 

Å bli med i Vang håndball passar for alle, og ein treng ingen forkunnskaper for å kunne hive seg med. I bunn og grunn treng du kun gode innesko og treningsklede, så er du eigentleg klar for eventyret på håndballbanen. 

Men sjølv om det kanskje ikke kreves så mykje utstyr og forkunnskaper for å bli med å spele, så forventes det litt av spelarane. Det å spele på lag, krev at ein er flink med kommunikasjon, at ein behandler kvarandre med respekt og at ein gjer så godt ein kan. 

- Lagidrett er annleis individuell idrett. Det å spele på lag med andre fordrar at ein er ein god lagspelar, og det må ein tildels øve seg på å bli. Mykje av det handler om å bli trygg på kvarandre og kjenne kvarandre godt, seier Ekeberg. 

- Difor har vi mykje fokus på at dei skal bli kjent også utanfor banen, og at dei skal få oppleve andre ting saman. Me har blant anna reist for å sjå andre håndballkamper i eliteserien, me har pizzakvelder, eller reiser på utflukt. Alt dette bidreg positivt inn i lagfølelsen og på banen. Og det er veldig nyttig for oss som trenarar å lære dei å kjenne, legg han til. 

Alle dei tre trenarane understreker at det er nulltoleranse for mobbing, både på og utenfor trening. 

- Her er vi et vi, og alle er like mykje verdt uansett kven ein er, eller kvar ein kjem frå. Det er utruleg viktig å skape eit trygt miljø for barna. Det både er og skal vera trygt på håndball, seier Olafsen. 

 

 

Ballfølelse, adrenalin og vilje til å trene 

Mange kjenner håndball frå tv skjermen heime i stua. Det kan ofte oppfattes både hardt og brutalt, kanskje og litt voldsomt? Tidvis er det nettopp slik på banen, ein kjemper saman for å vinne - og då må det nødvendigvis bli ein engasjert gjeng på kvar halvside av banen. 

- Hånball er litt brutalt, og ein må tåle litt skal ein bli ein god spelar. Tidvis må ein og tåle å ha det litt vondt, men aller mest må ein ha vilje til å trene. Og det er jo der fokuset vårt er, at vi trener for å bli litt betre kvar gong, seier Olafsen. 

Ho fortel at mykje av treningene går ut på å leike å ha det gøy, i tillegg skal dei lære seg ballfølelse. 

- Det er nok ikkje så blodseriøst her som for eliteserien, men det er viktig at dei lærer gangen i spelet og at dei er forberedt til dei gongene me speler kamp, seier Mæland. 

- Min store draum er å jo å danne eit ordentleg damelag i håndball her i Vang, både fordi det er artig for oss vaksne, men og for at barna skal ha forbilder og sjå opp til, smiler ho. 

 

Heimebane og bortebane 

Ein stor del av det å spele håndball er jo nettopp kamp. Det er jo det ein trener til og forbereder seg til gjennom heile sesongen. Jevnt og trutt er det kampar, både på heimebane og bortebane. 

- Det blir nødvendigvis ein del reising for å spele kamp, mest i Valdres sjølvsagt, men og ein del i Innlandet. Det er jo ein viktig del av det å bli betre; å få bryne seg mot andre lag. Også er det jo veldig artig da, smiler Ekeberg. 

Vang håndball har trening fast kvar tysdag og torsdag frå 17.00-19.30, og både Yvonne, Anita og Marius er  alltid å sjå i hallen kvar einaste gong. Dei skryt av både barna og den flinke foreldregruppa som stiller opp. 

- Dei er heilt fantastisk flinke, og fortjener mykje skryt, smiler Olafsen. 

- Vi er heldige å ha mykje flinke folk rundt oss her i Vang, men om det finnes nokon her med hånballkompetanse, som har lyst til å bidra - så er dei hjertelig velkomne til det. Jo flere vi er sammen, jo betre, legg ho til. 

 

Faktaboks: 

  • Vang håndball har trening tysdag og torsdag 17.00-19.30
  • Trenarar er Marius Ekeberg, Anita Olafsen og Yvonne Mæland 
  • For å bli medlem må ein betale medlemskontigent til Vang IL
  • Ein treng innesko og treningstøy for å bli med 
  • Spelarar over 13 år må ha lisens (forsikring) hjå Norges Håndballforbund 

 

Sjå fleire bileter frå Vang håndball nedanfor.