Nyheit

Jonas Gahr Støre til Vang

  Nyheitsarkiv
27. feb 2020
AP-leiar Jonas Gahr Støre kjem til Vang og Mjøsvang kafe sundag.
Møte på Mjøsvang Kafé sundag klokka 18

AP-leiar Jonas Gahr Støre kjem til Vang sundag for å få direkte innspill til Arbeiderpartiet sine prioriteringar framover.

– Vi lyt nytte høvet når leiaren for landets største politiske parti vel akkurat oss i Vang for å få våre synspunkt. Møtet er ope for alle, så her treng ein absolutt ikkje vera AP-medlem for å ta turen. Engasjement for bygda er det viktigaste, og det er det mange her som har, fortel Marta Bjørnøy Lalim varaordførar i Vang. 

Saman med ordførar Vidar Eltun kjem ho til å leie møtet som altså er på Mjøsvang Kafé sundag 1. mars klokka 18