Nyheit

Bidra til årets julegåvedugnad i Vang

  Nyheitsarkiv
06. nov 2018
Julegåvedugnad i regi av Vang Frivilligsentral er ein årleg tradisjon.
I regi av Vang Frivilligsentral

Vang frivilligsentral samlar inn julegåver til born som ikkje har så mykje. Vil du bidra?

– Vi ønskjer gåver som ikkje er pakka inn, så vil styret i frivilligsentralen pakke og fordele gåvene på best mogeleg måte, fortel Marte Tangen, dagleg leiar ved Vang Frivilligsentral.

Ho opplysar at dei treng gåver til ungar i alderen 1 til 17 år.

- Vi held til på Vang folkebibliotek og tek i mot gåver fram til måndag 10. desember. Alle er hjartleg velkomne.