Nyheit

Fredag opnar julegata i «Føsse»

  Nyheitsarkiv
21. nov 2016
Festkveld for ungane

 Lystenning, nissemarsj og tett program syter for julestemning i Ryfoss.

– Godt samarbeid mellom handelsstanden og lokale lag er grunnmuren i arrangementet saman med alle små og store som kjem og er med på å skape stemning og lage ein triveleg kveld i Føsse, fortel Inger Kongslien Tveit frå arrangørgjengen.

Arrangementet startar klokka seks med nedtelling til lystenning. Det vert lys i juletreet, samt dekorasjonar i begge endane av gata og julestjerna oppå Utsikten, fortel Inger. Så står den årlege Nissemarsj med faklar på programmet der alle går ei runde til Putten, byggefeltet og nedatt i sentrum der dei minste få nissemarsjmedalje.

– Ja, så kjem sjølvsagt nissen. Han har med sekken sin med gøttepøsa te dei minste. Høre mannskor kjem også for å syte for maksimal julestemning denne kvelden.

Ellers byr kvelden i Ryfoss på dette:

  • Butikkane held øpe te kl 2000 – goe tilbud hjå alle.
  • Julegløgg og peparkaker blir i år servert ute ved bålpanner.
  • I år som i fjor har me julequiz – eit julespørsmål hjå alle og det er fine premiar.
  • Frisørsalongen har dropp inn frå kl 1600 – 2000.
  • På treningssenteret er det gratis trening for alle, og ”spasenga” er også gratis.
  • Belindas hud og velvære stiller inne på frisørsalongen, der ein kan bestille time.
  • Sara`s kafe er open til kl 2000.
  • YX – bensinstasjonen har knallpris på drivstoff, heile helge!

– Me håpar me på like godt oppmøte som i tidlegare år, avsluttar Inger Kongslien Tveit.

Høre Røde Kors, Ryfoss Vel, Høre/Ryfoss il, YX Ryfoss, Joker`n, Annema frisør, Ryfoss treningssenter, Belindas hud og velvære, Føsse studio og Sara`s kafe står saman om arrangementet.