Nyheit

Julestemning på Tyinkrysset

  Nyheitsarkiv
05. des 2018
Julemarknad, fakkeltog, julebord, konsert og pubkveld

Mens Ryfoss allereie har hatt si julegataopning er klart for både julemarknad, bygdejulebord og pubkveld på Tyinkrysset.

– Frå tolv til fire fyller vi Jokerbutikken med ulike salsbodar som trearbeid, handarbeid av ulikt slag, røykefisk, lefser, kransekaker, lammekjøtt med meir, fortel Sissel Irene Wangensteen ved Joker Tyinkrysset.

Klokka fire startar det tradisjonelle fakkeltoget frå Intersport Filefjell der både nissen og julestemninga pleier å dukke opp.

Vi håper både helgebesøkende og bygdefolk tar turen og blir med på å lage skikkelig julestemning på fjellet denne dagen.

Bygdejulebord og konsert

Ut over kvelden held julestemninga fram på Tyinkrysset fjellstove med bygdejulebord og konsert.

– Oddbjørn Skeie held gitarkonsert etter middagen og vi rundar av kvelden med ein julete pubkveld der vi har både julebrygg og gløgg i baren, fortel Glenn Roar Berge frå arrangørane.

Meir info om kvelden og påmelding finn du på facebook-eventen (NB: Påmeldingsfrist til middag er onsdag)