Nyheit

Klart for for førjulsmarknad i Øye

  Nyheitsarkiv
25. okt 2018
24.og 25. november på Øye skule

Med Lynn Hege Røyne Myrvang som gjesteutstillar og rikeleg med både mat- og handverksprodusentar i Vang på plass er det klart for det årlege førjulsmarknaden i Øye siste helga i november.

– Førjulsmarkedet i Øye ynskjer å vera ei levande salgsutstilling som viser mangfald og breidde innan ulike handverkstradisjonar, fortel Kari Hermunstad på vegne av arrangørgjengen.

Med dette målet har marknaden etablert seg som ein stad både fastbuande og hyttegjestar besøker for å sikre seg godsaker og gåver til jul.

Opningstider i år er

Laurdag 24. november kl. 11.00- 16.00
Sundag 25. november kl. 12.00 – 16.00.

Det vert sal av kaffi, saft og lappar ved laget for funksjonshemma i Vang. Hugs kontantar - ikkje alle tek VIPPS eller kort. 

Det er også gudsteneste i Øye kyrkje sundag kl. 11.00 leia av prost Carl Phillip Weisser.

– På vegne av utstillarane og arrangørane vil eg ynskje alle velkomne til trivelege førjulsdagar i Øye, avsluttar Hermunstad.