Nyheit

Klart for fotballturnering på Tveit

  Nyheitsarkiv
04. sep 2019
  • Alle nivå er hjartleg velkomne til fotballturnering på Tveit stadion.
  • The outsiders har gjort det bra fleire gonger. foto: Oddvin Almenning
  • Frå turneringa i 17. Foto: Oddvin Almenning
Fleire lag klare - hiv deg med

Sundag 15. september kl 12 braker det laus når årets fotballturnering i Vang går av stabelen på Tveit stadion! 

Vi speler som alltid med 7-erlag, kvinner og menn skulder ved skulder, og vinnarlaget får den gjeve vandrepokalen – eit nydeleg rosemåla mjølkespann. FK Vang står for kampoppsettet, Elisabeth Øraker er årets speaker, det blir kiosksal, og Vang mottakssenter og Vang frivilligsentral serverer grillmat.

-Vangivaldres Taxi er påmeldt med lag, mottaket stiller som alltid, 'The Outsiders' skal forsvare pokalen og 'Gutta FK' er ferske utfordrarar! I tillegg har vi fått påmelding frå eit førebels namnlaust lag som vi er veldig spente på, fortel Marte Tangen hjå Vang frivilligsentral.

 Det er framleis plass til å melde på lag – send ein epost til frivilligsentralen@vang.kommune.no.

– Og så er sjølvsagt også publikum hjarteleg velkomne på kampdagen! Dette blir ein folkefest som alltid – i fjor måtte vi dessverre avlyse grunna dårlege vêrutsikter så i år håper vi på strålande sol og stinn brakke på Tveit, avsluttar Tangen.