Nyheit

Klart før julemarknad i Øye

  Nyheitsarkiv
18. nov 2014
Laurdag 22. og sundag 23. november

Denne helga er det klart for førjulsmarknad på Øye skule. Tradisjonsmat, tekstil, husflid og mykje anna er å få kjøpt. 

Som alltid er det siste helga i november som gjeld for marknaden. Det vert over 20 utstillarar på plass, med sal av:

  • Skinn og lærarbeid
  • Lefser, lefsekling, kranseake og annan tradisjonsbakst
  • Rakfisk
  • Spekepølse
  • Tradisjonsbakst
  • Strikking
  • Toving
  • Ost
  • Kalender
  • Bøker
  • Gele, chutney, brente mandlar og andre godsaker 
  • Pluss mykje meir

Gjesteutstillar i år er «Høvda sylv og tre». Vang Røde Kors hjelpekorps står for sal av lapper og kaffi.



Opningstider



Laurdag: 11:00 - 16:00
Sundag: 12:30–16:00 (Gudsteneste i Øye kyrkje 11:00)

Marknadskomiteen ynskjer alle hjartleg velkommen!