Nyheit

Kurs i fotofikling på Vang folkebibliotek

  Nyheitsarkiv
19. sep 2016
Fotofikling for både nybyrjarar og erfarne fotofiklarar.

Vil du lære å klippe saman bilete på ein morosam måte? Onsdag 21. september kl. 19 blir det kurs i fotofikling på Vang folkebibliotek.

Ingrid Wigdel som er grafisk designer og driv Ingridesign, vil lære bort kreativ bileteredigering. - Det er utruleg mykje moro ein kan gjere med bileter, alt frå vanleg forskjønning, til kunst og over i det surrealistiske. På kurset skal vi leike oss med å putte elementer inn i heilt nye samanhengar, som til dømes å plassere seg sjølv på ein ny bakgrunn, seier Ingrid og bruker eit redigert bilete av seg sjølv som eksempel.

Om det er interesse for det kan dette blir ein fast aktivitet på frivilligsentralen, der både nybyrjarar og erfarne fotofiklarar kan møtast gjennom kreativt arbeid. - Det er allereie en fotoklubb som er aktiv i Vang, og her vil vi legge til rette for dei som vil bruke bilete på ein meir kunstnerisk måte, seier leiar i frivilligsentralen Marte Tangen. Ho er glad for at folk som Ingrid som har ein spesifikk kompetanse tar kontakt og melder seg som frivillige. - Initiativet kom frå ein ungdom i bygda som ønska seg ein ny hobby, så no håper vi det er fleire som blir med på denne aktiviteten.

På kurset vil vi bruke gratisprogrammet GIMP, som har mange av dei same funksjonane som Photoshop. Ta med din eigen lap top, eller så kan du få låne på biblioteket. Kurset kan også vere nyttig for dei som redigerer bilete til andre formål. Ta kontakt med frivilligsentralen om du har spørsmål, elles er det berre å møte opp den 21. september

Sjekk ut facebooksida til Ingrid, eller til dømes Nak Bali for inspirasjon (for de som publiserar på nett).