Nyheit

Lærte seg å partere

  Nyheitsarkiv
31. okt 2019
  • Korleis går ein fram for å gjera eit heilt slakt om til mat for kvardag og fest?
  • Leif Solemsli var kurshaldar for ni ferske kjøtskjerarar onsdag.
Åtte lam og ni deltakarar på parteringskurs i Vang

Ni deltakarar lærte seg å forvandle eit lam til fornuftige delar for både kvardagsmiddag og fest under parteringskurs i Vang onsdag.

– Så fort ein har lært seg dei viktigaste delane av dyret er det ikkje noko hokuspokus å skjere ned eit lam. Ein lyt tenke litt på kva for mat ein vil ende opp med og så legge opp skjeringa etter det, innleia kurshaldar Leif Solemsli kvelden med.

Han har skjært kjøt for lokale jegerar og bønder i ein mannsalder og var på plass i skulekjøkkenet på Vbu onsdag for å overføre noko av kunnskapen sin. Lamma var for øvrig frå besetningen til sonen Jon Helge Solemsli og hadde vore på beite området ved Helin denne sommaren.

På tre timar var deltakarane ferdige med nedskjering, pakking og merking og si så måte budd til å kjøpe kjøt rett frå bonde eller jeger ved neste høve.

Innovangsjon SA hadde teke initiativ til kurset for å auke fokuset på dei lett tilgjengeleg og klimasmarte kjøtressursane i Vang og Valdres.  Eit tema som for øvrig har fått fleire oppslag den siste veka.