Nyheit

Leikegøta opnar

  Nyheitsarkiv
21. apr 2016
  • Upåklageleg utsyn frå Leikegøta.
  • Ein del av studentgjengen frå NTNU som har stått for prosjektet.
  • Treshingelkledning
  • Gjenbruk av skifer frå Valdres på taket.
Alle velkomne til lokalmatlunsj

Fredag klokka 12 opnar leikegøta på Hensåsen med lokalmatlunsj - for alle som er interessert. Barnehagane i Øye og på Fredheim tek turen, mens ordførar Eltun stillar med kjede og klyppesaks.

– Studentane har jobba 10-12 timarsdagar i snart to veker med Leikegøta, og både detaljar og heilskap er av imponerande kaliber, fortel Innovangsjonsminister Hallgrim Rogn.


Fredag inviterer Innovangsjon og NTNU altså til offisiell opning av Leikegøta som ligg ved kyrkja på Hensåsen. Både barnehageungar og ordførar kjem, ved sidan av alle som er interessert i- eller har jobba med prosjektet.

– Det vert sjølvsagt bra mat frå området til lunsjen. For akkurat det spele på lokale ressursar er heile kongstanken til prosjektet, fortel Rogn.

Du kan bidra

Leikegøta er straks ferdig. Og finansieringa nesten i mål. Men ikkje helt. Det kan du gjera noko med!

– Prosjektet ligger på folkefinansieringssida bidra.no - der alle som tykkjer Leikegøta er eit godt prosjekt kan gje nokre kroner, fortel Rogn.

Han meiner for øvrig at det er mange gode argument for å bidra.

– Ungar og leik i sentrum, stilig arkitektur, ein enorm dugnadsinnsats frå NTNU (opp mot tre årsverk), samt fokuset på material frå Valdres og lågt Co2-fotavtrykk er nokre av dei.

Vang kommune og Vang Sparebank har støtta prosjektet økonomisk. Ved sidan av dette har Norsk massivtre AS, Begna bruk AS, Kvismo Sag AS, Eilo tre AS, Lage Gjevre AS, Tveitabru bygg AS, Herbert Mollenhauer AS, Valdres Folkemuseum, Kvam Bygdesag, grunneigar Nils Harald Heen, Sørre Hemsing og Lomen maskin og transport AS, bidrege med kompetanse, utstyr eller rabattar for å realisere prosjektet.