Nyheit

Makkenparken under etablering på Mjøsvang

  Nyheitsarkiv
07. okt 2019
  • Her er gjengen bak «Makkenparken» som inviterar til informasjonsmøte onsdag - og mykje trivelig dugnadsarbeid fram mot ferdig park.
  • Skissa over parkområdet.
Informasjonsmøte på Mjøsvang kafe onsdag klokka 18:00

Eldsjeler er i gang med å lage aktivitetsområde med sykkelbane på Mjøsvang. Proffsyklist Mads Andre Haugen frå Vang er med på laget og heile prosjektet har fått namnet Makkenparken. Onsdag vert det informasjonsmøte på Mjøsvang kafe.

– Sykkelbanen er noko som heiter «pumptrack». Det er ein bane med kular og doseringar der både nybyrjarar og røynde syklistar kan utfordre seg. Men det er også lagt opp til alt frå fotball og klatring til løpebane, grillområde og zipline i parken, fortel Belinda Dalemark Wangensteen.

Saman med mannen Rune Wangensteen og mentor Mads Andre Haugen har også Olav Bøland, Erik Martinsen og Espen Hovi vore med i arbeidsgruppa for Makkenparken.

Mesteparten av finansieringa er på plass via tippemidlar, Vang kommune og UDI.

Det er oppretta ei open facebookgruppe for Makkenparken som vert nytja aktivt både i arbeidsperioda og til informasjon seinare. 

Informasjonsmøte på Mjøsvang kafe

Onsdag klokka seks er det altså klart for informasjonsmøte på Mjøsvang kafe om heile prosjektet.

– Teikninga inneheld alle aktivitetar og tilbod vi har sett føre oss og det blir i utgangspunktet ikkje store endrigar. På møtet går vi grundig gjennom planen for parken og gangen i dugnadsarbeidet fram mot ferdig Makkenpark neste år, fortel Dalemark Wangensteen.

Det er den gamle grasbanen på Mjøsvang som no skal gjerast om til aktivitetsområde og teikningane er levert av landskapsarkitektane Ingrid Skavhaug og Rune Vik i fellesskap.

Kursar flyktningar

Parken skal vera eit aktivitetstilbod for alle aldrar og ferdigheiter. Det er mellom anna kjøpt inn fleire syklar som vert lånt ut i høve aktivitet i parken.

– Vi startar med litt kursing så fort syklane er på plass og fram til snøen legg seg i fyrste omgang. Dette vert i skateparken på skula med Olav Bøland som instruktør. Så tek vi sjølsvsagt opp att dette til våren så fort det vert sykkelforhold att.

Det nye aktivitetstilbodet i Vang vert organisert som ei undergruppe av Vang IL.