Nyheit

Mange på næringsfrukost

  Nyheitsarkiv
10. jan 2020
  • Næringsutviklar i Innovangsjon, Dag Inge Bruflot, er vertskap for næringsfrukosten i Vang.
  • Nesten tretti var på plass for årets fyrste næringsfrukost i Vang.
  • VA-ingeniør Halvor Eggen Pettersen orienterte om fleire større VA-prosjekt dette året.
Nesten tretti samla til mat og oppdatering

Næringslivet i Vang står samla om mykje og torsdag var nesten tretti til stade på næringsfrukost hjå Mjøsvang kafe.

– Vi lyt vera stolte av det vi har og at såpass mange tek turen hit i dag tykkjer eg er verkeleg bra. Samstundes lyt vi vera i stadig utvikling både for denne og andre møteplassar, innleia ordførar Vidar Eltun frukosten med.

Vidare fylgde oppdateringar frå både han, rådmann og VA-ingeniør om pågåande prosjekt.



– Vang kommune investerer mykje i både små og større prosjekt dette året og det er ein fordel for Vang samla sett om lokalt næringsliv endar med desse oppdraga, sa Eltun.

Både Øyebakken, Ryfoss bustadfelt, vassverk på Tyinkrysset og rehabilitering på kommunehuset er større prosjekt på gang i år.

Vatn til påske

Rådmannen nytta høvet til å informere om planstrategi, ny etatsleiar for landbruk og teknisk, samt prosessen kring miljøsertifisering av kommunehuset før han overlet ordet til VA-ingeniør Halvor Eggen Pettersen.

– Mange har stått på over lang tid no og det ser ut som vi skal få kopla på det nye vassverket på Tyinkrysset til påske og med det unngå vassmangelen som har oppstått dei siste åra, fortalde Pettersen.

Vidare kom han inn på framdrifta for bustadfeltet i Ryfoss og understreka moglegheiten som ligg for entreprenørar her.

– Vil nokon tilby nøkkelferdige konsept i det nye feltet så ta kontakt med meg. Det er sjølvsagt positivt for både kommunen og potensielle tomtekjøparar med sånne tilbod.

Elles er rammeplan VA for Grindaheim straks klar der det vert opp til politikarane å prioritere utbyggingstakt framover.

Næringsutviklar i Innovangsjon, Dag Inge Bruflot, avslutta økta med å gjera opp status for posisjonen Vang er i no og samstundes løfte blikket framover. Meir om det seinare.