Nyheit

Mange på næringsfrukost

  Nyheitsarkiv
22. okt 2019
Nye fjes frå fleire bedrifter og kommunen presenterte seg under næringsfrukost i Vang tysdag.
Viktig møteplass

Tysdag var tretti på plass hjå Mjøsvang kafe for frukost og næringsretta oppdateringar frå mange hald.

Næringsfrukosten i Vang har etablert seg som eit viktig møtepunkt for næringsdrivande i Vang der bedriftene oppdaterer kvarandre på nyhende og terskelen for dialog med kommunen er låg.

Denne gongen vart nye fjes hjå både i3 element, Ryfoss Betong og Vinjerock presentert. Samstundes som avtroppande sjef for Vinjerock, Julie Forchhammer presenterte sitt nye foretak.

Elles kom ordførar Vidar Eltun med ei grundig oppdatering på alt frå vassverk og VA til byggefeltet i Ryfoss og andre kommunale prosjekt. Ny rådmann og ny økonomisjef presenterte seg også kort for næringslivet.

Kommunen vart utfordra på å få fortgang i miljøarbeidet sitt og både ordførar og rådmann lova på strak arm at arbeidet skulle intensiverast med sertifisering på plass i løpet av neste år.

Næringsfrukosten i Vang har fast tilhald på Mjøsvang kafe og vert arrangert av Innovangsjon SA.