Nyheit

Masteroppgåve om Innovangsjon

  Nyheitsarkiv
04. jun 2014
Nærheit til naturen og godt oppvekstmiljø trekk folk

Nærheit til naturen og eit godt oppvekstmiljø er det potensielle tilflyttarar til Vang set aller høgast i fylgje Gunhild Rogstad Storsæter si masteroppgåve om Innovangsjon.

- Tidlegare flytteforskning har synt at relevant arbeid er det aller viktigaste for at folk skal flytte på seg, så det at natur, sosialt miljø og gode oppvekstvilkår for ungar vert rangert høgare i denne studia, er interessant, seier Gunhild Rogstad Storsæter. 

Ho nar nett levert master i faget «Innovasjon og næringsutvikling» ved Høgskulen i Lillehammer, og har altså brukt Innovangsjon som tema.

- Mange av dei som ynskjer å flytte til Vang er godt utdanna, og det verkar som at mange tenkjer at dei anten kan ta med seg arbeidsplassen sin frå byen til Vang, eller starte opp på eigenhand, fortel Rogstad Storsæter.

LES: «Masteroppgåve Innovangsjon»

Ungdommen ivrar

Eit anna funn i oppgåva som skil seg frå det ein ofte finn andre plassar, er at Vang også tiltrekkjer seg mange unge.

- Det er ikkje berre dei som er klare for å etablere familie eller har born i skulealder som vil til Vang, men også særs mange i aldersgruppa 20-30 år. Det er unikt, meiner Rogstad Storsæter.

Kristin Venås er ei av dei som har tatt turen til Vang det siste året, og ho passar godt inn i hovudkategorien tilflyttarar i undersøkinga.

- Eg var lei byen og ville teste noko anna. Eg ville nærare naturen då hovudinteressa mi er friluftsliv i ulike formar og sidan eit vennepar allereie hadde flytta oppover falt valet på Vang, fortel ho.

Blir værande

Det eine prøveåret ho hadde sett av til å teste bygdelivet har no vorte forlenga på ubestemt tid.

- Ja, det kan sjå ut som eg vert verande gitt. No har eg også fått relevant arbeid, så det er langt fleire pluss-sider her enn i byen for meg, seier Venås.

Og nettopp det med relevant arbeid er noko Innovangsjonsminister Caroline Fleten meiner er viktigast for å halde på dei som kjem til Vang for å teste ut bygdelivet.

- Eit dynamisk arbeidsmarknad saman med gode bustader er det vi opplever skal til for at eit prøveprosjekt som det til Kristin vert til permanente vangsgjeldingar, seier ho.  

- Forsking syner at så mange som 70 % flytter vidare, så sjølv om natur og miljø er ein god start er det klart at relevant arbeid og bra bustad er det som syter for at folk kan leggje langsiktige planar, skyt Rogstad inn.

Høyr heile innslaget frå NRK Hedmark og Oppland.

Innspel til Innovangsjon

Samarbeidet mellom Rogstad Storsæter og Innovangsjon har vore tett gjennom heile prosessen. Når det er sagt, har ikkje Innovangsjon gjort anna enn å stille med best mulig informasjon og bakgrunnsmateriale.

Fyrst no har styreleiar Torstein Lerhol fått sjå på forskingsresultata, og han har fått mykje å tenkje på i tida som kjem.

- Arbeidet Gunhild har lagt ned med denne oppgåva er utruleg viktig for Innovangsjon. Her kjem både styrkar og svakheiter opp i lyset, samstundes som dei konkrete resultat ho legg fram talar for seg sjølv og gjev oss sjølvtillit, seier Lerhol.

Rogstad har på si side nokre eigne tankar om kva som bør prioriteras framover.

- Fyrst og fremst håpar eg Innovangsjon held fram på det gode sporet dei har starta å brøyte opp, og gjer endå meir for å fri til hyttefolket for å få dei til å nytte kommunens fasilitetar meir. Eg trur det kan vere moglegheiter der!

Ho meiner også at tilbodet om å ta med seg arbeid til kontorfellesskapet 1724 nokre dagar i månaden og få vore meir på fjellet er noko som er attraktivt for fleire.

- Dette kan føre til permanent flytting, understrekar Rogstad.

Heilt til slutt minner ho om viktigheita av å hugse på både tilflyttarar og fastbuande og fortsette å lage møtepunkt for alle.