Nyheit

Viktige sakar på fredagens næringsfrukost

  Nyheitsarkiv
28. sep 2016
Vegvesenet, ordførar og Visit Valdres med presentasjon

På næringsfrukosten Fredag 23. september kunne ordføraren fortelje om kommuna sine planar for Tyin Filefjell og vegvesenet orienterte om utbygginga av nye tunnelar.

Atten representantar frå næringslivet i Vang møtte opp for ein god frukost og fagleg påfyll fredag formiddag.

Ordførar Vidar Eltun orienterte om dei siste planane som er vedteke i kommunestyret som gjeld utbygging av vatn og avløp i området Tyin Filefjell, og kor satsingsområda kjem.

Erik Engelien, dagleg leiar i Visit Valdres, presenterte organisasjonsstruktur og kva Visit Valdres kan gjera for bedriftene i Vang. Dei har plassar i nettverket der over 200 bedrifter i Valdres allereie er representert.

Vegvesenet ved prosjektleiar Odd Erik Haugen orienterte om framdrift på E16 Øye-Eidsbru og E16 over Filefjell.

Næringsutviklar i Innovangsjon, Dag Inge Bruflot presenterte Innovangsjon sitt nye motto, «Vang byggjer Vang» som vart vedteke på siste styresamling, og tankane bak dette.

Næringsfrukosten er eit forum for alle som driv med næring i, eller i tilknyting til Vang i Valdres. Det er ein møteplass mellom private og offentlege aktørar kor ein kan auke kjennskapen til prosjekta som er på gang i Vang.

Om du er interessert i å vera med på neste samling, ta kontakt med Dag Inge Bruflot: daginge@vangivaldres.no