Nyheit

Ungdomsteater fylte hoppbakken på Åsvang

  Nyheitsarkiv
22. aug 2016
150 såg «Nøkkens brud»

Stykket «Nøkkens brud» drog 150 personar til ute-teater på Åsvang.

–Å setja opp dette teateret har vore 4H-oppgåva mi i år, kunne regissør Anne Heidi Kvam Hillestad fortelje, til dei om lag 150 frammøtte i forkant av stykket.

Frå ide til ferdig resultat - alt er gjort av ungdommane sjølve med Anne Heidi i spissen. Ho var særs godt nøgd med at «heile bygda» hadde møtt opp til teater. Om kring 150 personar hadde altså teke turen til hoppbakken på Åsvang denne fredagskvelden.

Nøkken kaprar brura

Historia i stykket krinsar rundt myta om nøkken, eit bryllaup og nokre særs handlekraftige ungar. Litt alvor, mykje folketru og både planlagt og spontan humor prega stykket som hausta både applaus og latter gjennom den snaue timen det varte.

I alt var 13 skodespelarar, to dansarar og ein hardingfelespelar i sving på scena. I tillegg hadde far til Anne Heidi, Jostein Hillestad, brukt dagen på å fikse heilproff lyd.

Det var ein gjeng ungdommar som likte seg særs godt på scena og som gav både glimt i auget og liv til karakterane.

Travle ungdommar

Det har ikkje vore berre enkelt å få samla ein så stor gjeng når mange er opptatt med sommarjobb og ferie. Anne Heidi har fått utfordra seg sjølv i arbeidet med framsyninga.

– Eg har måtta stole på dei eg har med, at dei står løpet ut og at dei øver på eigen hand. Vi har vel nesten ikkje hatt ei einaste øving der alle har vore med, så det blir litt tilpassing kvar gong for å øve best mogeleg med dei som er tilstades. Det var fyrst på generalprøva i går vi var fulltalige, kunne Anne Heidi fortelje.

Både ho og alle skodespelarane fekk med seg ein stor klem og mange lovord frå leiar i Åsvang 4H, Reidun Thorpe som avslutning på kvelden.