Nyheit

Utvida lysløype opna på Åsvang

  Nyheitsarkiv
09. jan 2015
Nesten hundre skiløparar fyrste kvelden

Den utvida lysløypa på Åsvang vart opna av Ordførar Vidar Eltun på vinterens fyrste lysløyperenn onsdag. – Dette syner at både skigleda og dugnadsanden lev godt i Vang, slo ein nøgd ordførar fast framfor nesten 100 skiløparar. 

Terje Karlsen, leiar i Fjellblom IL, fortalde om eit langsiktig arbeid for å koma i mål med den nye lysløypa. Stor dugnadsinnstas, velvillige entrepenørar, positive grunneigarar og ei kommune som tidleg var på banen med sin del av tippemiddelpotten vart trekt fram som viktige brikker for å få på plass den nye lysløypa. 

– No har vi sløyfer på alt frå ein til fire kilometer og eit artig tilbod for både dei minste borna og den som trenar for å verta god, sa Karlsen. 

86 skiløparar vart registrert med ein eller fleire rundar denne kvelden, noko som er ny rekord. Etter at ordføraren hadde klypt snora sette ein heil skokk med ungar utfor fyrste bakken og syta for ein opning med sving i. Resten av kvelden gjekk med til skigåing, kaffi, varm saft og bollar. 

Les meir på Fjellblom IL sine heimesider