Fullsizeoutput 14Cb
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Nytt bomsystem for Slettefjellvegen

Nytt bomsystem for Slettefjellvegen

08. august 2021
Flunkande nytt bomsystem er satt opp i Slettefjellvegen. No treng du ikkje å stoppe bilen for å betale ein gong.

Slettefjellvegen har denne sumaren fått på plass nytt bomsystem. Det er no kamera på kvar side av Slettefjellet som registrerer og les skilta foran og bak på kjøyretøyet når det passerer.

For betaling av enkelt passering, kjøp av sesongkort eller registrere betalingskort for automatisk trekk, registrar du bilen din på www.passpay.no

Betaling kan fyrst gjerast etter at du har passert kamera. På Vangsida står kamera 500 meter forbi kiosken.
TAKSTAR:
Bil: 80 kr (enkeltpassering)
Motorsykkel: 40 kr (enkeltpassering)
Lastebil: 200 kr (enkeltpassering)
Sesongkort: 1000 kr

Hugs å betale passering innan 48 timar, ellers får du ei rekning i posten med eit småkjipt fakturagebyr frå bokselskapet. 

 

 

Ny kiosk på gang

Det er ikkje berre bomsystemet som er oppgradert denne sumaren. Det er nemlig satt opp ein ny kiosk ved inngangen av Slettefjellvegen, på Vangsida. Her kan du få kjøpt både is, brus og søtsaker for turen over fjellet. 

Det er Solvår og Malin som denna sesongen held fortet og vartar opp både tilreisande og bygdefolk før dei skal ta turen til fjells. 

Det er også fleire, store planar på gang for kiosken. I den andre delen av kiosken er det nemleg meininga at det skal byggjast ein kaffekrok og eit lite utsalg av både lokale matvarer og andre lokale produkter. Dette vil væra klart til neste års sesong. 

I mellomtida kan du sjekke ut fleire av dei flotte turmoglegheitane i nærområdet og innover Slettefjellet på www.outdooracitve.com 

Hugs å ta hensyn til beitedyr og bandtvang frå 1.april - 31.oktober. 

 

God tur til fjells!