Nyheit

Odd Vidme er årets positve vangsgjelding

  Nyheitsarkiv
05. des 2019
  • Odd Vidme er årets positive vangsgjelding! Foto: Marte Tangen/Vang frivilligsentral
  • Foto: Marte Tangen/Vang frivilligsentral
  • Foto: Marte Tangen/Vang frivilligsentral
  • Foto: Marte Tangen/Vang frivilligsentral
  • Foto: Marte Tangen/Vang frivilligsentral
  • Foto: Marte Tangen/Vang frivilligsentral
  • Foto: Marte Tangen/Vang frivilligsentral
  • Foto: Marte Tangen/Vang frivilligsentral
  • Foto: Marte Tangen/Vang frivilligsentral
Fekk utmerking på bokkvelden på biblioteket onsdag

Nyleg pensjonert lensmann i Vang, Odd Vidme, vart heidra som «årets positve vangsgjelding» under den tradisjonelle bokkvelden på Vang folkebibliotek onsdag.

Det er formannskapet og to frå ungdomsrådet har bestemt kven som får prisen - her er deira argument:

«Gjennom fleire ti-år har me hatt ein prisvinnar som har arbeidt med å hjelpe andre. Ofte heilt i det stille, men med god og stødig hand. Kanskje litt utifrå si stilling i Vang kommune, men mest fordi han rett og slett har eit stort hjarta for dei som kan trenge hjelp iblant.

I tillegg har han opplevd mykje sjølv, som gjer til at han ofte veit kva den som treng hjelp treng av ord og støtte.

Og ikkje minst kor mykje tid han legg ned i det – gratis.

Det å veta kva ein skal gjere i enkelte livssituasjonar er ikkje lett. Særleg når ein bryt inn i personvernet til ein som er kome litt gale ut, både med seg sjølv og papir/økonomi.

Han er tydeleg i sine råd, men og opptatt av at ein ikkje skal overkøyre den som treng hjelp. Derfor er han ein fin kar å jobbe på lag med. Når han i tillegg har hatt ei viktig rolle i lokalsamfunnet, har han ein viss tyngde i det han seier og gjer, som skapar tryggheit til den som treng det, og påtrykk til den som skal ha det.

Prisvinnaren har arbeidd til alle døgnets timer. Ja, han har sjølvsagt fått løn og betaling for mykje arbeidet. Men han har arbeidd utruleg mykje ut over det ein kan forvente. Når den/dei som har fått hjelp er på rett veg att, trekkjer han seg sakte og beskjeden tilbake. Men du kan bli invitert heim til han på pizza, eller han stikk innom for å høyre korleis det går med deg.

Prisvinnaren har vore lensmann i Vang i ein mannsalder. Han har jobba 47 år i politiet, og vore lensmann i Vang sidan i 1986, før det fem år som betjent ved same kontor. Men han har og teke på seg denne jobben å rettleie og hjelpe andre. Det vere gjennom sin kunnskap han har som lensmann, men og
som det medmenneske han er med sitt store hjarta. Han har arbeida aktivt for å behalde lensmannskontoret i Vang.

Ein raus mann med eit stort hjarta som er eit føredøme for oss alle. Prisvinnaren kjem innbyggarane i bygda si i hug på ein positiv måte utan tanke på eiga vinning. Han er ein lagspelar og lett mann å samarbeide med.

Vang kommune har utruleg mykje å takke prisvinnaren for.

Vinnaren av positivprisen for 2019 er Odd Vidme!»

Tamrein og Filefjell

Programmet på sjølve bokkvelden stod Kjell Bitustøyl og Anders Lundberg for. Bitustøyl fortalde om dei lange tamreinstradisjonane i Vang, og om nokon av dei samane som var sentrale i utviklinga og drifta av denne næringa. 

Lundberg har gjeve ut eit praktverk om Filefjell i år og Anders han presenterte boka si med fokus på natur-delen, med masse flotte bilete av dyreliv og forandringar gjennom årstidene.

Som vanleg var det mykje folk, solid servering og særs god stemning på biblioteket.