Nyheit

Ope møte om mat frå Vang

  Nyheitsarkiv
10. feb 2015
Kan ein samarbeide om marknadsføring og distribusjon?

Med eit mangfald lokalmatprodusentar av aller høgste kvalitet er «megatrenden» med kortreist mat positivt for landbruket i Vang. Med produksjonen på plass, kan ein gjennom samarbeid gjera eit lyft på marknadsføring og distribusjon? 

– Etter fleire innspel frå produsentar ynskjer Innovangsjon å invitere til eit ope møte for alle som lager matvarer til vidaresal i Vang kommune, fortel næringsutviklar Bjørn Henrik Johansen.

Hovudagenda denne kvelden er å diskutere mogelegheiter og eventuelle samarbeid. Kan ein felles merkevares for mat frå Vang vera noko? Er felles distribusjon og/eller utsalsstad ein god ide? 


Innspel utanfrå


Med på møtet er Ingunn Øderud frå Eventyrsmak, som vil fortelje  om korleis produsentane i Eventyrsmak har gått fram for å etablera si merkevare. 

 Også Svein Erik Wold frå Valdreskvalitet, kjem for å informere om dette prosjektet - og kva fordeler dette kan gje for matvareprodusentar også i Vang.


Møtet er 18. februar 19.00 på kontorfelleskapet 1724 i Vang sentrum (Vangstunet, øvste etasje). 



Me håper flest mogleg har interesse av, og høve til å delta! 

Spørsmål?



Kontakt med Bjørn Henrik S. Johansen, næringsutviklar i Innovangsjon på tlf: 41 31 27 24 eller e-post: bjorn@vangivaldres.no