Nyheit

Reveenka på Farmendagen i Føsse

  Nyheitsarkiv
14. jun 2016
  • Topp stemning på siste øving før Farmendagen.
  • Klar for innsats!
  • Er det bjørnen? Eller Olav på YX? Hmm.
Laurdag 18. juni klokka 11:00

Handelstanden i Føsse drar på seg kostymer og framfører reveenka i eigen Føssen-versjon under Farmendagen fyrstkommande laurdag.

– For å dra folket til arrangementet sin start har vi arrangørane valt å starte dagen med ei teateroppvisning! Det er lett seia ja i planleggingsfasen, så no må me berre stå løpet ut… …Vel, me er uerfarne, men håpar at det sler ann, fortel Inger Kongslien Tveit på arrangørsida.

Det kan være lurt å koma i tide, då det vil skje noko absolutt heile dagen frå kl 1100. Her er det som skjer:

  • Frisørsalongen er åpen som vanleg – også der timebestilling – få sumarsveis ! Gode tilbod!
  • Treningssenteret er open for alle den dagen. Så berre gå inn og ta ei treningsøkt. Har du inkji prøvd massasjesenge endå? Då kan du få gjort det danne dagen.
  • Joker`n har mange gode tilbod, og hoppeslottet re på plass for ungar, ute.
  • Føssestudio har ope – stikk innom og hels på!
  • Bilen din kan du parkere ved Yx`n og elles i området rundt.
  • Seniordansarar frå Vang og Slidre kjem og visar oss kva dei har øvd inn i vinter.
  • Farmentrim i år som i fjor med May Liss Leithe. Her kan alle få gode tips til trim i fjøstid/arbeidstid på garden.
  • Også kjem Kelli med linedancegjengen sin, og det er fyste gongen. Det gledar me oss til.
  • I år er det ingen auksjon, men basarbok ! mange fine gevinstar har me, sponsa av næringslivet. Eigen basarbok har me for ungar – der premien er ein trøtraktor ! Det håpar me blir populært.
  • Nytt i år er EM i huging ! Her er det to klasser; junior og senior. Konkurransa går ut på å huge høgast, noko som vil bi målt med desibelmålar. Påmelding hjå Føsse studio. Her er me spente på kven som er sterkast i røsten !
  • Sara`s mat i gamle posthuset har ope – spennande og god mat frå Etiopa mm.
  • Elles har Fjellblom musikklag ansvar for kaffe og kaker. Og det er mulegheit for å kjøpe Farmenlapskaus. Ingen behøver gå svøltne heim, med andre ord.
  • Tom Kjetil har også i år laga ein krakk, der du kan tippe kor tung den er. Den som kjem nærmast i vekt får krakken med seg heim.
  • Eit anna fast innslag er spikarkonkurransa – den er også med i år. Klasse barn/dame/herre. Høre Røde Kors står ansvarlig for hinderløype i år, der styltro kan være lurt å beherske. Her har me påmelding.
  • Hotellhagen er det mykje for dei minste med dyr ( sau, geit, høner, kanin) som barna kan sjå/kose/ med. Men og ansiktsmåling, hårfletting. I tillegg har mange meldt at dei kjem med stand. Alt frå smykker til trebollar, skinn, strikking, kurv mm.

– På kvelden samlar me folket i hagen ved hotellet. Me tende grillen. Alle tek med seg mat og drikke til eige behov. Me ordnar bord, men ta med stol ! Og ja, så ligg det ann te toraderlete`utpå kvelden, avsluttar Kongslien Tveit.

Arrangørane kryssa fingrane for godt vær og ynskjer alle velkomne åt Føsse!!