Nyheit

Satsar på hardingfele og langeleik

  Nyheitsarkiv
21. mar 2019
  • Gjennom instrumentsamarbeid med Valdreskvelven spel- og dansarlag satsar kulturskulen i Vang ekstra på langeleik og hardingfele det komande året.
  • Med dette kunstverket deltok Anja Oldre Heggom på årets Ungdommens kulturmønstring (UKM)
  • Langeleik får du låne gratis neste musikkskuleår.
Neste års kulturskuletilbod er klart

Med eit ekstra fokus på hardingfele og langeleik er neste års kulturskuleprogram i Vang no ope for søknadar.

– Det er mange kjekke tilbod for skuleungar neste år og vi har litt ekstra fokus på langeleik og hardingfele. Langeleik lånar vi ut gratis, mens Valdreskvelven spel- og dansarlag har særs gode ordningar for leige av hardingfele, fortel rektor ved kulturskulen i Vang, Oddbjørn Skeie.

Søknadsfrist for alle tilbod er 1. april og innsøking skjer via heimesidene til kommunen. 

Showdance, langeleik, Rockeverkstad, slagverk, hardingfele, munnharpe, lausdans, korps i skulen, gitar, song, barnekor, gitar, piano, kreativ teikning, blåseinstrument, cello og teater er den fullstendige smørbrødlista for kulturskulen.

– Mykje av aktiviteten skjer i tidsrommet det er skulefritidsordning og vi kan prøve å ordne spesialisert opplegg om det er eit ynskje. Det kan vera snakk om for eksempel utvida undervisning eller undervisningsplassar til vaksne. Om det elles er noko ein saknar er det berre å ta kontakt, så ser vi kva vi kan få til, avsluttar rektor Skeie.