Nyheit

Schubert, Beethoven og Ragnhild Hemsing i Vangshallen på torsdag

  Nyheitsarkiv
21. jun 2019

På torsdag kjem Valdres sommersymfoni til Vang!

Torsdag 27. juni klokka 19.00 vert den nye foajeen i Vangshallen fylt med tonar frå både Schubert og Beethoven. Tittelen på årets konsert er “Samspill”, og ein vil mellom anna få høyre Ensemble Allegria. Gruppa som har vorte nominert til spelemannsprisen to gonger, mellom anna med sine tolkingar av Mozart og Schoenberg, har sitt utspring frå miljøet rundt Barratt Due musikkinstitutt og Norges musikkhøgskole.

Med seg har dei den lokale fiolinisten Ragnhild Hemsing som har slektsrøter frå Vang. Ho har busett og etablert seg i Valdres med familie, samstundes som ho profilerer seg aktivt som fiolinist. Hennar siste CD, Northern Timbre, har fått særs gode kritikkar. Ragnhild har vore gjesteartist ved alle dei store festivalane og konserthusa i Norge, deriblant Festspillene i Bergen.

Det relativt nye blåseensemblet Oslo Kammerakademi spelar óg, og er opptekne av å framføre musikken rett i høve til tidsepoken musikken vart laga i.

– I Vang glea me uss te dette samspelet!, seier kulturskulerektor Oddbjørn Skeie.

I pausen syt Vangskoret for at ein får kjøpt seg ein kopp kaffi og litt å bite i. Med andre ord ein kveld du ikkje vil gå glipp av! Billettar får du kjøpt her.