Nyheit

Seinsommarfest på Sommerhotellet

  Nyheitsarkiv
04. jul 2019
Fredagskos med grilling, minikonsert, kviss og open bar

Velkommen til seinsommarfest med grilling, minikonsert kviss og open kjellarbar på Sommerhotellet laurdag 17. august.

– Vi feirar at Sommerhotellet har vore ope for overnatting og mat gjennom heile sesongen med ein skikkeleg Sommerhotell-fest, fortel eigar Trine Grann.

Saman med sommarens hotellvertskap, Stein Hovi, syter ho for god stemning og grillmat frå øvste bord denne kvelden.

– Det vert grilla kjøt av ulikt slag og massevis av friske salatar, sausar, potetsalag og tilbehør attåt. Til dessert køyrer vi heimelaga is og søte bær. fortel Grann.

 Elles vert det kviss og sjølvsagt open kjellarbar. Som ein bonus stiller dei nye sambygdingane Veronika Kashina og Aleksandra Boiko med minikonsert mot slutten av middagen.

– Vi håpar på fullt hus med bygdefolk og nokre nye sambygdingar innom til trivelig lag på Sommerhotellet, sier Hallgrim Rogn frå Innovangsjon som samarbeidar med Sommerhotellet om festen.

Påmelding innan 15. august til stein@sommerhotellet.no mob.:401 03 472  (NB: som ein Fredagskos på ein laurdag er festen gratis for nye sambygdningar som ikkje har vore på Fredagskos før.)

Program

Velkommen: 19.00 
Middag: 19.30 
Minikonsert med Minikonsert med Veronika Kashina og Aleksandra Boiko: 20:45
Quiz: 21:00 
Fest! 

18 års aldersgrense -  alkoholservering - kort og kontant