Nyheit

Seksti på Fredagskos

  Nyheitsarkiv
23. okt 2018
Ti nye vangsgjeldingar

Ti av dei seksti deltakarane under Fredagskos på Mjøsvang kafe var nye sambygdingar.

– Det er stas når tilbakeflyttarar med familie, nye gardbrukarar gjennom Huga på gard, busette flyktningar og fleire andre nytilflytta finn vegen til fest å helse på bygda, ete pizza og prate ein fredagskveld, seier Innovangsjonsminister, Hallgrim Rogn. 

Konseptet med Fredagskos er uformelle festar for bygdefolket som flyttar rundt frå gong til gong. Både vangsgjeldingar, hyttefolk og utanbygdsbuande er hjarteleg velkomne. Vang kommune spanderer fyrste Fredagskosen på alle nye sambygdingar.

– Med Vang, øl, pizza og fredag som kategoriar under kvissen vart det ei jamn batalje der elleve lag kriga om sigeren og berre eit halvt poeng skilte fyrste og andreplassen, fortel Rogn.

Etter pizzabuffet og kviss var det pratefest resten av kvelden.