Bilde fra mulighetsstudie.
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Skal finne Tyin-Filefjell sin identitet

Skal finne Tyin-Filefjell sin identitet

05. mai 2023
Korleis skal Tyin-Filefjell utvikles og bli i framtida? No kan dine innspel legge grunnlaget for nettopp det!

- Hensikten med heile undersøkinga er eigentleg å finne Tyin-Filefjell sin identitet, og utvikle destinasjonen til å bli noko heilt eige og unikt som folk faktisk ynskjer seg, seier Jon Rabben Lundby, prosjektsjef for Tyin-Filefjell. 

Og for at Tyin-Filefjell kan lage gode strategiar og utvikle prosjektar som både kjem besøkande og lokalbefolkningen til gode, treng dei innspel frå både lokalbefolkning, hyttefolk, nabokommunar, turistar og andre som benytter kommunen.

I den forbindelse har dei i samarbeid med Leva laga ei spørreundersøking som skal kartlegge kva folk ynskjer seg. Spørreundersøkinga varer omlag 10 minutt, og der ein får spørsmål om utviklinga vidare i Vang. 

- For at me skal gjere ei heilheitleg utvikling av Tyin-Filefjell, er det utruleg viktig at me får innspel tidleg nok til at me kan implementere det i planarbeidet, seier Rabben Lundby. 

 

Heilt essensielt for å treffe riktig 

Destinasjonsutvikling er eit tidkrevande arbeid med mange prosessar, og prosjektsjefen presiserer at kommunikasjon med befolkninga, er heilt essensielt for å kunne treffe riktig i satsinga med Tyin-Filefjell. 

- Å ikkje involvere dei som benytter området og bur i Vang, ville jo vore som å skyte i blinde. Det er difor utruleg verdifullt for oss som utviklarar av Tyin-Filefjell å høyre kva folk vil ha og ikkje vil ha, legg han til. 

Undersøkinga gjekk live forrige veke, og allereie er det over 600 personar som har deltatt i undersøkinga.

- Det er veldig positivt at så mange engasjerer seg og allereie har brukt anledningen til å svare. Me håper mange vil delta, slik at me får eit så bredt og godt resultat som mogleg, seier Rabben Lundby.

Han fortel at undersøkinga vil ligge ute omlag tre veker, før dei byrjer å oppsummere resultater. 

- Etter at undersøkinga er ferdig, vil all data bli samla i ein rapport frå Leva. Alt dette skal ganske raskt inn i masterplanen me skal bruke fram til 2030, seier Rabben Lundby. 

Dette er med andre ord ei unik moglegheit til å vera med å byggje grunnmuren for utvikling av Tyin-Filefjell som destinasjon, og du finn undersøkinga ved å klikke her