Nyheit

Skulejogg på VBU

  Nyheitsarkiv
03. okt 2016
  • Foto: Linda Jevne
  • Foto: Linda Jevne
  • Fornøgde med innsatsen! f.v. Bera, Celine, Jagoda, Anja, Eskil og Tengla
heile barne- og mellomtrinnet deltok på skulejoggen

Elevane ved 1.-7. trinn på Vang Barne - og ungdomsskule deltok fredag på den årlege Skulejoggen. Dei starta ved VBU og jogga ein rundt på 3 kilometer i nærområdet.

Skulejoggen arrangerast kvar september av SOS barnebyer. Formålet er å lære elevane om solidaritet og samtidig oppmode dei til fysisk aktivitet

Kari Bø Wangensteen, bolkleiar på mellomtrinnet, var ein av leiarane for Skulejoggen på VBU, og kan fortelje at dette er andre gongen løpet har vorte arrangert her.

- Ved Høre skule har det vore ein mangeårig tradisjon i å delta på Skulejoggen, fortel Kari før ho heier nokon av elevane over mållinja. - Då skulene vart slått saman yngste me å ta med nokre tradisjonar frå alle barneskulene inn til VBU, og dette er ein av arrangementa som då har vorte ført videre.

Elevane kan i samband med Skulejoggen gje eit valfritt beløp i startkontigent, som går til eit veldedig formål.