Nyheit

Smådalskjøtt i Joker-butikkar

  Nyheitsarkiv
02. okt 2015
  • Smådalen er eit høgfjellsparadis for både folk og fe.
  • Pakningane er merka med både Smådalskjøtt og «Fjellokse frå Valdres».
  • Smådalskjøtt har fått fin hylleplass og god respons hjå Joker Vaset.
På hylleplass i Tisleidalen og på Vaset

I sumar har kastratane frå Katevoll beita i høgfjellet inne i Smådalen. Til haustferien fann dei vegen til butikkhyllane hjå Joker i Tisleidalen og på Vaset under merkenamnet «Smådalskjøtt» - med god respons.

– Desse dyra har levd heile livt i Vang og beita to sumrar i høgfjellet inne i Smådalen. Dei vart henta direkte frå fjellbeite av slaktebilen og det er utruleg artig å no sjå produkta ute i butikk, fortel Siv Anita Katevoll som driv Smådalskjøtt saman med sambuaren Torgrim Grøv.

I 2014 tok ho over garden Katevoll i Vang og for å ta vare på sin eigen produksjon av oksekalvar vart «Smådalskjøtt» oppretta. Fram til no har serveringsbedrifter og privatpersonar vore hovudkundane.

Tisleidalen og Vaset

Det er Joker–butikkane i Tisleidalen (Fjellbu) og på Vaset som har teke initiativet til å få produkta ut i butikk no. For nokre år tilbake hadde dei gode erfaringar med sal av «fjellokse frå Valdres», og i leitinga etter ein ny leverandør der, falt valet på «Smådalskjøtt»

– Dei kunne levere den kvaliteten både vi og kundane er ute etter, fortel Harald Lasskogen som driv Vasetsenteret.

Dei har alle delar av oksane til sals i butikkane, og både «Smådalskjøtt» og «Fjellokse frå Valdres» sine logoar pregar innpakninga.

– Eg håper dette er starten på ei revitalisering av «Fjellokse»–konseptet. Eg ser gjerne eit auka fokus på lokalt kjøt i butikk og fleire produsentar som innfrir ‹Fjellokse–kravet› framover, seier Lasskogen.

Unik kjøtkvalitet

Kastrerte oksar vert av kjennarar rekna som det beste storfekjøtet som er å oppdrive. Det er både mørare enn normalen og har ei utsøkt feittmarmorering. I tillegg er det gjort forsking på at høgfjellskosten har ei positiv innverknad på smaken.


– Både slakteriet, dei som skjærer ned kjøtet og kunden seier kjøtet er spesielt bra, så dette er eit produkt vi gjerne vil ha i butikken gjennom ei lengre tidsperiode gjennom året, fortel Lasskogen. 

Om lag 20 kastratar i året er produksjonen frå Smådalskjøtt i dag, og Katevoll er innstilt på å auke i takt med etterspørselen.

- Eg meiner vi har eit godt utgangspunkt for å produsere bra kjøt her i Vang. Dyra går fritt både i kaldtfjøset og på jordet her nede i bygda, og i heile Smådalen gjennom sumaren. Det gjev ein tryggleik hjå forbrukaren på at det er kvalitet, noko vi får mange tilbakemeldingar på att er viktig, avsluttar Katevoll.