Nyheit

Småjobbar i hytte og hus

  Nyheitsarkiv
22. apr 2020
Nytt tak? Stell av uteområdet? Bytte vindauge og dør? No kan du få unna små og store vedlikehaldsoppdrag med bruk av lokale fagfolk frå Vang.
Hytte-eigarar med ny kampanje

Legg att forespørsel her så får du tilbod frå 1-3 relevante, lokale og dyktige tilbydarar i løpet av to veker.

– Dette er tida for å leggje inn bestilling på smått og stort på hytta og eg håper flest mogleg blir med på denne kampanjen for å sikre arbeid til dei lokale fagfolka i Vang, fortel Øystein Vangsnes. 

Han er hytte-eigaren som drog i gang ein innsamlingsaksjon til lokale butikkar i påska og han ynskjer som mange andre fritidsbrukarar av Vang å bidra til utvikling av både området og lokale bedrifter. 

Registrer oppdraget her 

Dette er ein klassisk vinn-vinn-situasjon der vi både kan få fiksa det vi har tenkt på i lang tid og sikre at bedriftene vi er avhengige av som hytte-eigarar overlev denne krisa!

Eksempel på oppdrag 
  • Skifte ut dører og vindauge
  • Rehabilitere torvtak
  • Måling og beising
  • Trefelling og skogrydding
  • Generelt vedlikehald
  • Ved for neste vinter
  • Innreiing og interiør
  • Plassbygd kjøkken 
  • Grusing og helle-legging
  • Platting
Nybygg og renovering

For større byggjeprosjekt oppfordrar vi til å gå i direkte kontakt  med eit eller fleire av handverksbedriftane i Vang. 

Fullstendig oversikt over bedrifter i Vang finn du her.

Spel oss gode

Om du har innspel, idear, spørsmål eller annat på hjartet - ikkje nøl med å kontakte næringsutviklar Dag Inge Bruflot (daginge@vangivaldres.no) eller dagleg leiar Hallgrim Børhus Rogn (hallgrim@vangivaldres.no) i Innovangsjon. Denne kampanjen er dratt i gang av Vangnsnes i tett samarbeid med oss i Innovangsjon SA.

Innovangsjon SA står bak nettsida vangivaldres.no. Vi arbeidar med næringsutvikling, møteplassar, bustader og blest etter visjonen Vang byggjer Vang.