Nyheit

Tida før jul bognar med tilbod

  Nyheitsarkiv
23. nov 2016
  • Frå juleverkstad med kyrkja
  • Noko av julepynten ein kan lage på juleverkstaden på Torsheim
Juleverkstad for born og vaksne

Det skortar ikkje på aktivitetar som skapar julestemning, både for born og vaksne. Dei neste vekene vert det arrangert tre juleverkstader i Vang. Her får du eit overblikk!

Laurdag 26. november, kl. 12:00-15:00

Juleverkstad på Haukåsen
Vang Husflidslag inviterar inn til juleverkstad! Her kan både barn og vaksne lage nissar og englar av ull, adventstakar, brette stjerner og mykje meir. Materialkostnadar: 50,-

Søndag 27. november, kl. 12:30-15:00

Juleverkstad på Åsvang
Kyrkja ved Ingunn Hommedal inviterer til juleverkstad på Åsvang etter gudsteneste i Heensåsen kyrkje. Før aktivitetane starter vert det risgraut og kaffe til alle. 11-åringene skal vere samla i kyrkja frå laurdagen og overnatte i kyrkja i forbindelse med LysVaken-helga. Dei bidreg og til gudstenesta, og kjem sjølvsagt til juleverkstaden.

Søndag 04. desember, kl. 12:00-15:00

Juleverkstad på Torsheim
Ane Nathalie Steile med fleire set på julemusikken, og inviterer til ein hyggelig samling for både store og små. Det vert ein hobbykrok for barna kor dei kan lage julekort, juletrepynt, kjøleskåpsmagnetar og meir. Servering av kaker, saft og gløgg.

Om nokon vil hjelpe til er det bare å ta kontakt!
Sjå arrangement på Facebook her