Nyheit

Tjue stillingar på marknaden

  Nyheitsarkiv
31. okt 2019
  • Med eit aktivt arbeidsmarknad og stor breidde i fritidstilbod er det lett å snekre saman ein grei kvardag i fjellbygda Vang. Foto: Lars Østbye Hemsing
  • Vang barne- og ungdomsskule syter for dei ultimate rammene kring skulegang og fleire fritidsaktivitetar i Vang. Foto: Jan Egil Jægersborg.
  • Som ny i bygda vert du invitert på Fredagskos for å få på plass nokre kjente fjes.
  • Nye fjes frå fleire bedrifter og kommunen presenterte seg under næringsfrukost i Vang tysdag.
  • Her er gjengen bak «Makkenparken» som inviterar til informasjonsmøte onsdag - og mykje trivelig dugnadsarbeid fram mot ferdig park.
Tett mellom godbitane

Det er tjue stillingar på marknaden i fjellbygda Vang akkurat no.

Vang i Valdres

Fjellkommunen Vang ligg ved sørenden av Jotunheimen og byr på vestlandsfjell, austlandsklima og ein ung, framoverlent befolkning. Dette er heimen til fjellfestivalen Vinjerock, to tamreinlag, to skisenter, 1600 flotte innbyggarar og like mange hytter.

Kommunen har sjølvsagt full barnehagedekning, mens skuleelevane er samla på splitter nye Vang barne- og ungdomsskule. Her er eit topp moderne skuleanlegg med fleirbrukshall, klatrevegg, kulturskuleavdeling og terapibasseng. Kombinert med fornuftige klassestørrelser, kompetent lærarstand og ei bevisst satsing på friluftsliv i skulen er oppvekst-tilhøva i Vang på stell tørr vi påstå. Frivillige lag syter elles for eit særs variert aktivitetstilbod året gjennom der kodeklubb, sykling, langrenn, handball og 4H er nokre av mange moglegheiter. 

Anten du vil kjøpe gard, leige bustad eller du er på leiting etter draumetomta - får du realisert dette i Vang.  

Kvar dag jobbar bygdeutviklingsforetaket Innovangsjon SA  med bustader, næringsutvikling, nettverk og blest av Vang for at kommunen skal vera attraktiv både for eigne innbyggjarar og nye vangsgjeldingar.

  • Treng du jobb eller vil starte for deg sjølv tek du kontakt med næringsutviklar Dag Inge (daginge@vangivaldres.no//95873757).
  • Ser du etter plass å bu eller folk å henge med tek du kontakt med Innovangsjonsminister Hallgrim (hallgrim@vangivaldres.no//41222769).

Ta ein titt rundt om her på nettsida eller sving innom Vang sin Facebook-side eller Instagram-konto for å sjå kva som rullar i Vang om dagen.