Nyheit

Ungt entreprenørskap i Vang

  Nyheitsarkiv
09. apr 2019
Inspektør ved Vang barne- og ungdomsskule (VBU), Agata Gniewek Bøe (f.v.), næringsutviklar i Innovangsjon, Dag Inge Bruflot, rådgjevar ved VBU, Merete Bjørgo, rektor ved VBU, Tor Nordaas, rektor VBU, oppvekst-, kultur- og integreringssjef i Vang kommune, Tommy-René Stordal, og rådgjevar hos Ungt Entreprenørskap Oppland, Inger Toril Holte Breien. Foto: Ungt Entreprenørskap Oppland
Avtale på plass for neste skuleår

Ungt entreprenørskap og Vang kommune har inngått samarbeid om opplegg for elevar på ungdomsskulen frå neste skuleår.

– Vi i Vang er særs glad for at vi no har fått til ei av­ta­le på det­te. Eg veit vi har dis­ku­tert det man­ge gon­ger, men ut­byg­gin­ga ved Vang barne- og ung­doms­sku­le har sett det litt på vent. Men no er vi kla­re til å vekt­leg­gje det­te i Vang, og med godt sa­mar­beid med Ungt En­tre­pre­nør­skap, Vang barne- og ung­doms­sku­le og næ­rings­li­vet i Vang, er det­te både spanande, vik­tig og rett sat­sing, sei­er ord­fø­rar Vi­dar El­tun til avisa Valdres.