Nyheit

Utekveld på Åsvang

  Nyheitsarkiv
08. jan 2015
Markerar starten på «Friluftslivets år»

«Friluftslivets år» startar i Vang med aktivitetskveld og uteovernatting på Åsvang tysdag 13. januar. Ordførar Vidar Eltun skal som nesten 200 andre kollegaer rundt om i landet overnatte ute.

Opplegget startar 16:30 med naturstig, konkurransar, varm drikke og bålfyring ut over kvelden.


– Ta med grillmat, sitjeunderlag og godt humør! Resten har vi syta for, fortel Erlend Hüberstadt som saman med Innovangsjon har teke initiativet til den familievennlege utekvelden på Åsvang.

Han fortel at det vert sett opp fleire lavvoar og fyrt godt i bålpanner ut over kvelden. Han håper også at fleire gjer som ordføraren og overnattar ute. 


Det vert også to fotturar i høve starten av «Friluftslivets år». Den fyrste er frå Eidsbru til Skogstad i Øye klokka 11:00. Den andre er frå Ryfoss treningssenter og opp til Utsikten klokka 18:00. Båe stader vert det enkel servering.