Nyheit

Vårprogram frå bibliotek og frivilligsentral

  Nyheitsarkiv
28. jan 2015
Noko for alle

Kvalitet over heile fjøla er den beste skildringa av vårprogrammet til Vang Frivilligsentral og Vang folkebibliotek. 

– Vårens program ei ei salig blanding av tradisjonelle biblioteksarrangement som bokbad og utstillingar, og frivilligsentralen sine kurs og eventyrstunder. I tillegg held vi fram vårt gode samarbeid om både konsertar, debatt og spanande samtaler, fortel dagleg leiar ved Vang Frivilligsentral, Marte Tangen. 

Alle hendingane, og alt anna som skjer i Vang finn du i kalenderen her på sida

Det er to nye faste innslag på vårens program; lesesirkel og skrivegruppe kvar sin tysdag i månaden. Dette, som alt anna i regi av bibliotek eller frivilligsentral,  er gratis. 

– Det fleirkulturelle høgdepunktet i vår blir feiringa av morsmålsdagen med årets folkemusiker 2009 Kouame Sereba fredag 20. februar, meiner frivilligsjef Marte.

Vel møtt på biblioteket!