Nyheit

Vårtur til stiftsstøtta på Filefjell

  Nyheitsarkiv
18. jun 2019
Har fjella endra seg på 200 år?

Vang historielag skipar til vårtur til stiftsstøtta på Filefjell på dagen 200 år etter at Caprelan stod der og teikna det berømte bilete av tinderekka i Jotunheimen.

– Vi tenkte å ta turen for å sjå om fjella har endra seg, fortel leiar i Vang Historielag, Tore Hovda. 

Turen skjer sundag 23. juni klokka 12.00 med frammøte ved Kyrkjestølen. 

– Dette er på dagen 200 år sidan Carpelan sto ved Stiftsstøtta og tegna bilde av tinderekka i Jotunheimen, fortel Hovda. 

Etter turen blir det høve til å kjøpe seg mat på Kyrkjestølen, og om kvelden er det messe i Øye stavkyrkje kl 19.00.