Nyheit

Vang avløysarlag veks i Valdres

  Nyheitsarkiv
12. des 2019
Ellen Bauer leiar eit avløysarlag i vekst som rekrutterar nye bønder i heile Valdres.
Nye kundar i nabokommunane

Vang avløysarlag rekrutterer både bønder og avløysarar jamnt og trutt og bidreg no til ein enklare kvardag for bønder i både Øystre og Vestre Slidre i tillegg til Vang.

Akkurat no rekrutterer dei ny ringavløysar i 75-100% stilling som skal jobbe hjå fem bønder i Øystre Slidre.

– Vi er ein stødig leverandør av dei tenestene bøndene treng og har i tillegg til dei faste avløysarane både beredskapstelefon 24/7, landbruksvikar og beredskapsvikar, fortel dagleg leiar Ellen Bauer i Vang avløysarlag SA.

Målet er å gjere kvardagen til bønder i heile Valdres lettare, noko som også er hovudgrunnen til at avløysarlaget no veks.

– Bøndene kjem til oss for å få stabilitet og fleksibilitet i avløysartenestene sine og det strekk vi oss langt for å klare å tilby, fortel Bauer.

Trygg bygdejobb

Dette året har både laget vekse, samstundes som det har vore noko utskifting i arbeidsstokken. Dermed har laget rekruttert fire nye avløysarar til tilnærma fulle stillingar i 2019.  Bedrifta tel no faktisk 102 tilsette som fordel seg på om lag 25 årsverk for 84 bønder i heile øvre del av Valdres.

- Den som har kunnskapen og motivasjonen til å jobbe som avløysar har ein sikker og variert jobb i Valdres der ein kjem tett på både bygd, bønder og dyr, fortel Bauer. 

Fleire fordelar


Avløysarordninga ein «jungel» med nye krav, rettigheitar og moglegheiter med jamne mellomrom, der har Vang avløysarlag funne sin naturlege plass. 

– Vi har til ein kvar tid oversikten over retningslinjene som gjeld. Det er faktisk mange som ikkje brukar opp avløysartilskotet sitt eller som ikkje får med seg alle moglegheitane som ligg i ordninga. Båe delar kan vi hjelpe til med, fortel Bauer.

Arbeidskontrakter, rettigheitar, forsikringar, skjemautfylling, HMS og spørsmål om tilskot er andre eksempel på kva Vang avløysarlag hjelper til med.

– I tillegg står sjølvsagt avløysarlaget for lønnskøyring, naudsynte forsikringar og arbeidsgjevaransvar, fortel Bauer. For alle Avløysarlaget kan også levere tenester til privatpersonar som treng ein handsrekning med praktisk arbeid.