Nyheit

Vang på lufta hjå P1

  Nyheitsarkiv
21. mai 2019
  • Journalist Asle Hella frå NRK intervjua Karoline, Sigrid Hillevi og Nazrawi om Vesle-Vinje, musikk og dansing.
  • Både ungane, tilsette og festivalsjefen for Vinjerock er klare for Vesle-Vinje 24. mai.
  • Ei verkeleg flott reportasje om Ingun og Tobias som har realisert gardsdraumen på Eikra i Høre gjekk på Opptur i Vinter.
  • Sølvi og resten av gjengen på strikkekafeen på Haukåsen gjekk på lufta 17. februar.
Fire saker på OPPTUR

Heile fire saker frå Vang har funne vegen til helgeprogrammet Opptur i NRK P1 dei siste månadane. 

Alle reportasjene er ved journalist og programleiar Asle Hella som jobbar ved NRK sitt kontor i Bergen. I fylgje han var det ikkje tilfeldig at årets fyrste reportasjetur gjekk over fjellet til Vang.

– Eg er fascinert av korleis Vang jobbar med å få ungdom til å flytte heim etter endt utdanning, få folk til å trives - og fylle tomme hus med kreativitet og nye moglegheiter. Vi i Opptur likar å heie på folk, og vi ynskjer å lage reportasjer frå hele landet, fortel Hella. 

Opptur vart starta opp i november og er direktesendt kvalitetsradio på NRK P1 kvar laurdag og sundag frå sju til ni på morgonen. I løpet av to intense dagar møtte han mange hyggelige folk og fekk laga reportasjer til fleire sendingar denne vinteren.

- Opptur skal inspirere folk til å gjera noko kjekt i helga. Gjerne utendørs. Vi lagar reportasjer og inviterar gjester for å snakke om friluftsliv, natur, frisk luft og den gode helgefølelsen. Men fyrst og fremst ynskjer vi å vera godt selskap for NRK P1-lytterane på morgonkvisten i helgane.

Høyr reportasjene

2. februar: Rekruttering av ungdom under utdanning til sommarjobbar i Fjell-Noreg gjekk på lufta 2. februar.

17. februar: Strikkekafeen på Haukåsen som har teke initiativ til besøk frå asylmottaket kvar tysdag.

2. mars: Vi fekk møte Ingunn Vedvik Jensen og Tobi Kunz og høyre om deira realiseringa av gardsdraumen gjennom Huga på gard-prosjektet.

12. mai: Det nyeste tilskotet i festivalfloraen i Vang - VesleVinje - fekk eit grundig oppspark av både barnehageungar/bookingkomite og festivalsjef.