Nyheit

Vangsgenseren er kåra

  Nyheitsarkiv
03. aug 2014
Kjøp garnpakke, mønster og strikk i veg!

No kan du kjøpe garnpakke med mønster og strikke din heilt eigen «Vangsgenser».

Dette er ein tidlaus genser som passar alle aldrar og kjøn. Den symboliserer Vang med mønsteret som viser det tradisjonsrike fileringsarbeidet på julehandkleet frå Vang og med det flotte motivet av det storslåtte Grindane på bringa.

Ynskjer du å kjøpe oppskrifta til Vangsgenseren så kan du sende ein e-post til torstein@vangivaldres.no. Oppskriftsheftet kostar kr. 50,- Vi har også laga ferdige garnpakker som kan kjøpast på Klokkarhaugen (sumaren 2014) eller ved å kontakte Torstein eller Caroline.

Pris: 550,-.

Genseren er eit resultat av ei konkurranse i regi av Innovangsjon våren 2014 og Marit Gjærdingen frå Vang er dama bak vinnermønsteret.