Nyheit

Variert vinterferieveke på biblioteket

  Nyheitsarkiv
18. feb 2020
Konsert, spel og sjakk

Vang folkebibliotek og Vang Frivilligsentral ynskjer velkomen til ei spanande vinterferieveke 22. – 29. februar 2020.

Sjakkskule

Laurdag 22. februar kl. 13 – 15 startar vi med sjakkskule. Geir Brobakken frå Norges Sjakkforbund kjem og lærar bort sjakk for nybyrjarar. Sjakkskulen er ein del av Sjakk for alle, eit prosjektet frå Norges sjakkforbund. Alle er velkomne!

Sjakklubb

Vi følgjer opp det vi har lært på sjakkskulen og fortsett med sjakklubb på måndag 24., onsdag 26. og fredag 28. februar frå kl. 13 – 15. Om du er nybyrjar eller erfaren sjakkentusiast, her er alle velkomne til å bli med og spele!

Familiekonserten «Brom»

Tysdag 25. februar kl. 10.00 blir det familiekonsert med Bente Hemsing og Stein Villa. Dei har med bamsen Brom. «Det er ikkje alltid like lett å halde styr på han. Han likar å besøkje Ola på garden, for der er det mange forskjellige spennande dyr. Og så likar Brom å gå på jakt i skogen og lytte til fuglekvitter. Og kanskje blir det eit lite eventyr også. Stein og Bente syng og spelar på forskjellige folkemusikkinstrument, og dei får publikum til å syngje med.» Alle er velkomne, særleg dei minste!

Gamingverkstad

I dag spelar 96% av unge gutar og 63% av jentene dataspel. Forsking visar at også halvparten av foreldra spelar. Laurdag 29. februar set vi difor av ein heil dag til å feire alt som er bra med dataspel. Folka frå BiblioGames kjem frå kl. 12 – 18 for å halde gamingverkstad. Det blir turnering i Mario kart 8, VR-stasjonar med Oculus Quest og frispel på retro-konsollar.

Store og små kan prøve mange ulike spel, lære og bli inspirert. Spillvertane svarar på spørsmål og hjelper til å kome i gang med familievenlege spelopplevingar. Arrangementet er ein del av statens nye bibliotek- og dataspelstrategiar, som vektlegg biblioteket som formidlingsarena, og då særleg arbeidet med kunnskap og opplysing. Gamingverkstaden passar best for barn frå 7 år og oppover, men heile familien er velkomen!

Obs! Første til tredjeplass i Mario kart turneringa vinn kult spel-merchandise, men det er berre 16 plassar, så man bør melde seg på tidleg! Påmelding kan gjerast direkte på biblioteket, via e-post, facebook-sida vår eller på telefon 61369426.