Nyheit

Vil du vere med å lage Valdresspelet?

  Nyheitsarkiv
19. feb 2020
Guro Hovda, Marte Tangen, Dagny-Britt Frøyen og Ragnhild Lund utgjer saman med Sølvi Havro styret for Valdresspelet som jobbar med fyrste framsyning siste helga i august.
«Dronningane på Kongevegen»

I august skjer det - då skal historia om Gyda frå Kvien sitt nei til Harald Hårfagre innta Gardalen ved Kvismo, som eit historisk spel med både profesjonelle og lokale aktørar.

Spelet har arbeidstittelen ‘Dronningane på Kongevegen’. Styret er godt i gang med å søke midlar til oppsettinga, og vil no engasjere flest mogeleg i lokalbefolkninga til å bli med!

- Det er mange ressursar som trengst i eit spel. Vi treng praktikarar som kan vere med å byggje scene, fingernemme folk som kan hjelpe til med kostymer og rekvisittar, ryddige folk som kan hjelpe til med logistikk og planlegging, og kreative folk som vil vere med på scena, eller bidra i prosessen på andre måtar, seier styreleiar Ragnhild Lund.

- Kan du ri eller stelle hestar? Vil du lage mat eller steike vaflar på øvingshelgene? Har du eit produkt du vil selje, som kan passe inn i ein middelaldersetting? Då treng vi deg! Her kan absolutt alle bidra - om du har lyst til å vere med å lage spel så har vi oppgåver i fleng.


29. og 30. august går det heile av stabelen. Styret ser for seg eit relativt lite spel i år, men med mogelegheit for utvikling over fleire år. Dei vil arrangere øvingshelger 28.-29. mars og 6.–7. juni på Åsvang samfunnshus, som også vil fungere som spelkontor og base.


Valdresspelet er stifta som eit frivillig lag, og styret består av Ragnhild Lund, Guro Hovda, Sølvi Havro, Marte Tangen og Dagny-Britt Frøyen. Ragnhild skriv også manuset, og har dialog med fleire profesjonelle skodespelarar og ein regissør som er interessert i å vere med.

- I tillegg treng vi lokale vaksne, ungar og ungdommar på scena, så dette skal bli eit fint samarbeid mellom amatørar og profesjonelle, understrekar Ragnhild.

Styret oppmodar folk som har lyst til å delta på ein eller annan måte om å melde sin interesse, og følgje facebooksida Valdresspelet. Her er det bruk for både erfarne og uerfarne spelentusiastar frå heile Valdres!