Nyheit

Vil løfte bustadmarknaden i Vang

  Nyheitsarkiv
04. feb 2019
  • Dei tre initiativa for bustadutvikling i Vang sentrum er eit løft for bustadtilbodet i Vang. Her er fyrste hus ferdig i Krøsvølhaugadn.
  • Øyvind Leine Thune er grunneigar i Krøsvølhaugadn og ynskjer å tilby sentrumsnære utsiktstomter med skiløype frå døra.
  • Frank Thune, Geir Morten Sveberg og Kenneth Holien Eltun har gått saman om eigedomsutvikling sentralt i Vang.
  • Frå grunnarbeid til ferdig hus - du er avhengig av gode samarbeid med mange fagfelt for å byggje hus.
  • Skogkrullen i framgrunnen her er «Klukkargardsberget» der planen er å tilby nøkkelferdige hus. Foto: Jan Egil Jægersborg.
  • Sentrumsnært og gode soltilhøve er stikkord for Klukkargardsberget. Foto: Jan Egil Jægersborg.
Tre private initiativ i sentrum

Tre private initiativ ynskjer å utvikle bustader og tomter kring Vang sentrum.

- Vi ynskjer å byggje både for sal og utleige i området ved Fjellheim. Fyrste steg i dette var klart for eit og eit halvt år sidan og vi treng no avklaringar på vatn og reguleringsplan for å koma vidare, fortel Frank Thune som er ein av eigarane og pådrivarane for Fjellheim panorama.

Grunnen til at ting har teke tid for dei tre utålmodige utbyggjarane var ferdigstillinga av sentrumsplanen i for Vang. Før jul vart den klar og utviklarane i områda kring sentrum er meir enn klare for å koma i gang.

– Det er vatn som er den store festbremsen i fyrste omgang. I alle tre felt hadde kommunalt vatn vore å best for både utbyggjarar og kommunen, og det er no heilt avgjerande at desse prosessane går så fort som råd både for utbyggarane og for bustadmarknaden i Vang, seier næringsutvklar i Vang, Dag Inge Bruflot.

I januar var dei tre initiativa samla til felles møte i lag med Innovangsjon for å leggje ein framdriftsplan.

Nytt i Vang

Historisk har det vore få private initiativ til tomteutvikling for bustad i Vang. Det er no verkeleg i ferd med å snu.

– For vår del er bygging einaste alternativ for å få det huset vi drøymer om i Vang. Ting har allereie teke tid og for vår del vert effektivt byråkrati frå kommunen si side avgjerande i tida som kjem, seier Tor Martin Iversen som saman med fleire andre ynskjer å utvikle området «Klukkargardsberget» til eit moderne og sentralt bustadfelt i Vang.

Saman med Krøsvølhaugadn der fyrste hus er flytta inn i utgjer dei tre private initiativa ein kostnadseffektiv moglegheit for å skape den nødvendige breidda i bustadmarknaden i Vang.

– Feltet som vart realisert på Hensåsen for eit par år sidan syner det utrulege potensialet som ligg i attraktive tomter i Vang. Dette kosta kommunen null kroner og det fjerde nyoppsette huset bygd av lokale entrepenørar vert flytta inn i no i vinter. Vi er tett på ballen med dei tre initiativa som no er i gang og vi forventar at kommunen er det same, seier Bruflot.

- Positive initiativ

Næringsutvklaren deler utbyggarane sine tankar om at vatn og avløp er avgjerande i det vidare arbeidet.



– Offentleg vatn er vinn-vinn og eit utvida nett på dette kring sentrum syner at kommunen tek både eksisterande og potensielle innbyggarar på alvor. Kommunen som tjenesteleverandør bør syte for at alt planarbeid har den framdrift og forutsigbarheit som utbyggjar treng. Vi ser alt for ofte at føresetnadar vert endra. Det vert håplaust for initiativtakarar, og risikoen er at de gjev opp, seier Bruflot.


Vang kommune har sett av pengar til å utarbeide rammeplan for vatn og avløp i Vang sentrum dette året. Ved ein snarleg oppstart vil ein tidleg få utgreidd omfanget av kommunalt vatn og avløp ut frå kor mange som kan vera interesserte og dermed til kva slags kostnad.

– Vi ser positivt på at desse alternativa er på gang frå private. Planprogram for Krøsvøllhaugadn kjem til politisk behandling i neste veke. Det avgjerande er imidlertid korleis ein kan skaffe vassforsyning for fleire i Vang sentrum. Teknisk sjef har fått i oppdrag å hente inn tilbod og engasjere ein konsulent til å gjere det meste av dette arbeidet med rammeplan for vassforsyning, opplysar rådmann i Vang, Reidar Thune. 

Dette er på linje med Vang kommune sin visjon «Vi skal vera aktive i høve til endringar i samfunnet. Ta grep om eiga utvikling og ha trua på framtida», samstundes som det også harmonerar godt med «Vang byggjer Vang»-visjonen til Innovangsjon.

– Dette er særs positive nyhende og viktig for å halde motivasjonen oppe hjå utbyggjarane. Denne planen lyt ferdigstillast fortast mogleg for så å fylgjast opp med ein offensiv framdriftsplan i det vidare arbeidet til gravemaskinane er i gang med å føre vatn og avløp fram til dei nye utbyggingsområda, avsluttar Bruflot.

Dette er dei tre initiativa

Krøsvølhaugadn
  • Grunneigar Øyvind Leine Thune flytta inn i eige hus i feltet saman med resten av familien før jul.
  • To andre tomter er allereie godkjent og grunneigar planlegg ein reguleringsplan med fleire tomter.
  • Lite grunnvatn i området - planlegg godkjent vassinntak frå elv til eige hus og dei fyrste tomtene i feltet då det ikkje er realistisk å vente på kommunalt vatn i området.
  • Har salsklare tomter no.
Fjellheim panorama
  • Frank Thune (elektrikar), Geir Morten Sveberg (byggmeister) og Kenneth Eltun (røyrleggjar) kjøpte den gamle leirskulen Fjellheim vest i sentrum.
  • Har bygd om hovudbygget til to leilegheiter og er straks klar med opprustninga av to mindre bygg.
  • Ynskjer å utvikle området med bustader for både sal og utleige.
  • Har gått i dialog med naboane i området og interessa er stor for kommunalt vatn både til Fjellheim og til resterande bustader på strekninga Bøaflata-Lundsmarka.
Klukkaragardsberget
  • Tre familiar med draum om eigen bustad i Vang sentrum står saman om dette initiativet ved Klukkargardsberget sør-aust for Vang barne og ungdomsskule.
  • Planen er å tilby nøkkelferdige hus. 
  • Intensjonsavtale med grunneigar er på plass og utbyggjarane er i dialog med kommune og fylke i høve reguleringsplan for området. 
  • Dårlege vasstilhøve i området fordrar kommunalt vatn for eit realistisk prosjekt.
  • Også her er det fleire kringliggande eigedomar som er interesserte i offentleg vatn og avløp.