700 frivillige + Vinjerock = sant Tekst/foto: Ida Johanne Aadland

Frivilligsjef Sophie og hennar høgre hand Tormod si oppgåve er å halde styr på 650 frivillige før og under festivalen.

– Nei, fy søren. Det hadde ikkje gått, seier festivalsjef Julie Forchhammer om Vinjerock utan frivillige.

Festivalen som starta i den vesle bygda med dei store fjella har lokka folk frå heile landet, berre tre prosent av festivaldeltakarane kjem frå Valdres. Festivalpassa vert rivne bort på sekundar, og der andre festivalar slit med å få nok frivillige, må Vinjerock seie nei til halvparten.

– Dei frivillige er heile ryggrada i festivalen. Det hadde ikkje vorte noko Vinjerock utan dei. Me er ein bitte liten festival, men må likevel ha alt som dei andre festivalane har; scene, bar, matservering, seier Julie. 

Vinjerock har 3200 gjestar og meir enn 700 frivillige. Grovkabalen blir lagt av festivalsjef Julie og områdesjef Boye Skøre på kontoret i Vang, men det hjelper ikkje at nokon trekker i trådane om det ikkje er folk i andre enden. For skal ein gjere den elles nokså fredelege parkeringsplassen på Eidsbugarden om til sommarens kulaste festivalområde med infrastrukturen for tusenvis, trengs det mange hender.   

Scenen må riggast, straumleidningar trekkast, tentipiar setjast opp, skilt målast, utstyr køyrast inn og ciderboksar stablast. Og alt det før det i det heile teke har dukka opp festivaldeltakarar. Når klokka slår torsdag og festivalstart må bargjengen stå klar til å tappe tusenvis av liter med øl, sanitet må ha fylt sekken med plaster og trøyst og miljøgruppa må vite kva som skal kastast kor. Transportgjengen skal sørgje for at utstyr og artistar kjem til fjells i tide, og ordensvaktene har ansvar for at alle har det greitt. Bortsett frå utsikten og stor takhøgde er det lite som kjem av seg sjølv.

Ida Johanne Aadland (20)

"Fjellspire" og journalist for Innovangsjon sommaren 2019. Også frelst Vinjerockar som er tilbake som frivillig for tredje år på rad, så at eg i saker som omhandlar kor kult Vinjerock kanskje er litt innhabil får de ta høgde for.

Nokre veker før Vinjerock treffest hundre frivillige treffest til fjells. Sigrid Skjerdal (t.v.) og Johanne Grue Reiten planlegg dagens lagkonkurransar.

Vinje Rockehøgskule
  • Kven? For frivillige på Vinjerock. Kor? Tyinholmen i Jotunheimen. Når? Nokre veker før Vinjerock
  • Målet er å ha det moro og bli betre kjent med kvarandre og arbeidsoppgåvene som ventar
  • Omtrent hundre deltakarar

Nokre veker før første band går på scena treffest handverkarar, sjukepleiarar, lærarar, fotografar, guidar, studentar, austlendingar, vestlendingar, trønderar og alt midt i mellom på Tyinholmen i Jotunheimen. Det er klart for Vinje Rockehøgskule, ei helg med festivalopplæring for frivillige, men mest av alt ei sosial helg der ein blir kjend med likesinna og får ein real dose festival- og frivilligkjensle.

To kilometer innom Eidsbugarden, på Tyinholmen, har gjengen på hundre rigga seg til. Nokre i telt og lavvo, andre i hytter. Nokre har køyrd i seks timar for å kome fram, andre berre ein svipptur opp frå sentrum i Vang.

Nokre er her for første gong, andre har tenkt på Vinjerock året rundt sidan det starta i 2006. Nokon tørstar etter dugnadsanda dei hugsar frå studietida, og andre meldte seg som frivillig då det for nokre år sidan begynte å bli vanskeleg å få tak i billett. Og sidan har dei ikkje sett seg tilbake. For er ein først kome inn i frivilligklisteret er det vanskeleg å gå tilbake til å vere «berre» festivaldeltakar.

Sitat vinjerockar: – Frivillig arbeid gjev ei heilt anna arbeidsglede enn det du får på ein arbeidsplass. Du blir ikkje sett stygt på om du prøvar å bidra med litt meir enn du eigentleg må 

Vinjerock har berre to-tre lønte årsverk, men mange fleire med frivillig innsats. I staben på tretti finn ein folk i posisjonar som vanlegvis er betalt på andre festivalar. Det som begynte med ei vakt eller to i baren, har blitt til fleire veker arbeid kvart år. Utan ei einaste krone løn, men med uana mengder fjell, fellesskap og fanteri som kompensasjon.

Barsjef Dordi Solheim kan ikkje gjere vatn om til vin, men å halde styr på ei bargruppe på langt over hundre frivillige kan ho.

Vinjerock er eit ideelt selskap, som betyr at ingen tek ut noko gevinst - alt overskot går tilbake til festivalen og lokalsamfunnet i Vang og Valdres. Altså brukar dei helst minst mogleg midlar på lønn, og prioriterer heller å bruke nokre ekstra kroner på å få flinke og blide frivillige. For ein ting er sikkert: Glade frivillige er gode frivillige.

– Eg ser på dei frivillige som ein del av opplevinga på festivalen, seier Julie. 

Festivalsjefen er på sitt sjette år, men dansar ikkje mindre av den grunn. Ein litt støl kropp og ein ekstra kopp kaffi på kontoret måndagen etter Rockehøgskulen høyrer med. Forchhammer mistenkjer at verdiane Vinjerock satsar på, som miljø, inkludering, lokal satsing, òg er med på å gjere Vinjerock til ein attraktiv plass å vere både vert og gjest.

– Folk kjøper pakkar. Eg trur me skapar noko unikt i både festival- og bygde-Norge.

Frivillig på Vinjerock

Du kan melde deg i gruppene fjellkokk, sanitet, miljø, bar, ordensvakt, solskinspartrulje, info, billett, bussvert, fotograf, artistvert, område og transport. 

1401 søkjarar (2019), men ca. 700 plassar

Du gjev: Vanlegvis to 8-timars vakter i løpet av festivalen. Du får: Blant anna festivalpass, mat når du jobbar, litt godsaker frå sponsarar og ein plass i det store frivillig-fellesskapet. 

Eg takkar ikkje nei når dei nye "naboane" byr på kaffi på morgonkvisten. Både Elin Marie Søviknes og alle me andre er glad vêrgudane spelar på lag denne helga.

Fleire bilete

Solbrente naser og støle bein stikk ut av telta tidleg laurdag morgon, for sjølv om ein dansa til sola stod opp att er det umogleg å sove frampå når junisola steikar på teltduken. Etter frukost og eit par power-pointar med praktisk orientering, tek gruppeleiarane med seg “sine” frivillige inn til Eidsbugarden så alle skal ha nokolunde oversikt av kva og kor ting skal skje.

Kor mykje høgskulepreg rockehøgskulen har kan diskuterast, men med kviss, limbo og lagkonkurransar får ein skild ut mønsterelvar i fleire klassar. Laurdagskvelden har arrangementskomiteen slått på stortromma og leigd inn Kickslip, ein mildt sagt energisk Dj- og trommeduo som òg skal spele under Vinjerock. Fremste rad set tidleg standarden for dansingen, og det tek ikkje lang tid før sveitten osar ut av vindauga. Fire songar seinare dansar bakarste rad også.

Sitat vinjerockar: – Det er jo heilt rått at me får vere med på ei helg som dette. Det er nesten som ein «mini-Vinjerock».

Integrering og inkludering er ein viktig del av festivalen, og asylmottaket i Vang stiller mannsterke med fem frivillige. For nokon som knapt har budd eitt år i landet er det ein god dose Norge ein får inn i løpet av ei helg: husmannskost, swing, fjell og ein god del rundar i baren samanfattar mykje. 

Open bar og dansegolv til klokka to, nysteikt brød klokka ni. Ein må ha frivillige for å ta vare på dei frivillige óg, så nokre gjer allereie denne helga unna sine frivilligoppdrag. Saman med styrar Turid gjer gjengen med blå t-skjorter sitt for å gjere resten av vinjerockarane nøgd.

Godorda let ikkje vente på seg etter ei helg med utsikt til frukost, konkurransar til lunsj og swing til kvelds, og om nokre veker, når gnagsåra er vekke, teltet tørka og frivilligskjorta tredd på, står ein utkvilt gjeng klar for å gjere det same som dei har gjort så mange gongar før: lage tidenes kulaste Vinjerock.

DJ KoseLars underheld både tidleg og seint. Nytt på Vinjerock-programmet i år er "swingnach" med han i spissen.